Solid og god Spelemann

Av
Artikkelen er over 17 år gammel

Ein fullsett gymsal ved Aure barne- og ungdomsskule fekk oververe ei fin framsyning av "Spelemann på taket" laurdag kveld.

DEL
Flotte skodespelarprestasjonar ispeidd korversjonar av den delvis kjende musikken var flott underhaldning, og fullt hus på ein laurdagskveld viser at det lokale framleis opptek publikum.

Ein fullsett gymsal ved ABUS på Aure fekk laurdag kveld presentert ein solid og god kortversjon av den kjende musikalen "Spelemann på taket" av Harnik og Bock. Det var tydeleg at her var det ekstra forventningar ute og gjekk, kanskje ikkje så rart, når ein veit at det meste og beste av musikk og skodespelarkrefter i kommunen hadde slege seg saman for anledninga.

Og vi trur ikkje publikum vart skuffa, sjølv om som vanleg sindige aurgjeldingar ikkje akkurat tok av under vegs. All applausen vart samla til slutt, men då kom det til gjengjeld rikeleg av han.

Denne oppsettinga begynt litt i det små, då Aure Songlag skaffa seg nokre korsatsar frå "Spelemann på taket". No har det seg slik at dirigent Harald O. Kalland arbeider saman med leiaren i det vesle koret "Artig læll", Anna Lovisa Melland, og saman har nok desse ein stor del av æra for at dette prosjektet kom i stand.

Melland gjekk like godt inn som instruktør for dei dyktige skodespelarane dei fekk med seg samstundes som også hennar kor vart med. Organist Kourbanov vart også med på lasset, og slik vart altså store delar av song- og skodespelarkreftene i Aure samla, og det skulle vere grunn til å stille med ein porsjon forventningar.

Litt tragisk komedie

Historia er henta frå Russland rundt 1905, og vi møter ein fattig jødisk familie der familiefaren Tevye er senteret. Tevye har fem døtre, og er nokså oppteken av å få desse godt gift.

Tevye er som alle i landsbyen Anatevka djupt religiøs, og han har ofte samtalar (monologar) med Gud. Men Tevye missar litt grepet om dei gamle tradisjonane, som mellom anna alltid har medført at foreldra bestemmer giftet for døtrene. Fleire av døtrene blir gifte med den dei sjølv vil ha, og Tevye må berre innsjå at tidene er forandra.

Når så dei jødiske innbyggjarane blir jaga frå landsbyen, er omveltinga meir eller mindre fullstendig for Tevye og familien hans.

Sjølvsagt var det mykje av detaljane som ikkje kom med under kortversjonen på Aure, men vi tykkjer at aktørane hadde fått til ei passe lang framsyning der vekslinga mellom scena og koret på sida fungerte heilt framifrå. På eit par av songane song aktørane på scena fyrste verset, og så kom koret inn med sin versjon.

Elles var iscenesettinga utmerka, den meir eller mindre todelte scena, med ein kjøkenkrok og ein utestad fungerte godt, noko også god lyssetting gjorde sitt til. Lyden var heilt topp, og det var verkeleg godt å for ein gong skuld i Aure vere vitne til ei topp teknisk framsyning, der du ikkje høyrde eit sprak over høgtalaren, og der lys var ein viktig del av heilheita. Paul Jonny Bugen og Odd Jarle Lindsetmo var mennene bak dette.

Flott tiltak

Elles er det berre å ta av seg hatten for dei som har "guts" til å stå på med ei slik storsatsing som dette var. Og mange gode prestasjonar var vi vitne til.

Svein Skar var som vanleg heilt sentral, og særleg hans evne til å framføre dialogar er imponerande. Faktisk var eit par av samtalane hans med høgare makter noko av framsyninga sine høgdepunkt. Men vi må gje ros til alle som var på scena, dei gjorde ein framifrå solid jobb, men så var det da heller ikkje direkte debutantar.

Når det gjeld det musikalske, så var dette også bra, utan at vi tykte koret heilt nådde dei store høgder. Litt tamt, og med antyding til litt mangel på presisjon.

Men bevares, det var solid gjennomført, og særleg sluttsongen sat skikkeleg. Ein annan svært vesentleg person må vi ta særskild fram. Organist (og pianist) Alexei Kourbanov var nok den som arbeidde mest og hardast (og best?) under heile stykket. Han var stø som fjell, anten han akkompanerte koret, fylte inn pausane eller låg som bakgrunn for det som foregjekk på scena.

Ei slik framsyning hadde neppe gått an utan så profesjonell musikalsk bistand. Aure Songlag og deira kumpanar er heldige som kan få med seg ein slik kapasitet.

Noko særleg seremonielt var det ikkje etter endt framsyning. Kulturkonsulent Helge Husby var sjølv sterkt delaktig i oppsettinga, og han takka da og dei mange som hadde vore med på å gjere det mulig. Men dei sedvanlege blomstrane såg vi lite til. Vi får difor gje dei verbalt her.

Søndag kveld gjekk framsyningafor andre gong.

Artikkeltags