Nordmørstreffen i full gang

Bobilmusikk: Ikkje så mange var komen i sving med spelinga da vi var bortom campingen fredag ettermiddag, men Hermod Enstad hadde fått fart i belgen, medan Vegard Hansen foreløpig nøyde seg med å følgje med.

Bobilmusikk: Ikkje så mange var komen i sving med spelinga da vi var bortom campingen fredag ettermiddag, men Hermod Enstad hadde fått fart i belgen, medan Vegard Hansen foreløpig nøyde seg med å følgje med.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

AURE: Strålande solskin og velbudde arrangørar møtte folket i Foldfjorden der Nordmørs-(Nordvest)treffen opna fredag kveld.

DEL

Eigentleg var treffen i gang allereie torsdag kveld med den tradisjonelle kyrkjekonserten. Eit rekordstort publikum hadde funne vegen til Aure kyrkje, og dei vart ikkje skuffa. Ikkje minst bidrog Odd Arne Halaas og Reidar Dahle til dette med variert spel og fin song.

I går kveld var det start på sjølve festivalområdet i og rundt grendahuset Bergtun i Foldfjorden. Campingbilar og vogner rulla opp på rekkje og rad, og i alle fall den litt eldre garde var allereie på plass i salen i god tid før musikkaféen starta.

Lystige trekkspeltonar var å høre frå campingområdet, og då vi stakk hovudet inn i ein velvaksen bobil fann vi Hermod Enstad frå Averøya i full sving med knappane, med Vegard Hansen som tilhøyrar.

Lørdag er det fullt program, med familiekonsert på ettermiddagen og dans til variert musikk på kvelden, til tonar frå både lokale og tilreisande aktørar.

Artikkeltags