Anne Karin Elstad var den litterære gjesten, og ho vart intervjua av Marianne Moseng Breigutu.

Intervjuet omhandla korleis Elstad vart forfattar, korleis ho skreiv dei første bøkene om Innhaugfolket medan ho arbeidde som lærar og småbarnsmor.

Galskap

Elstad fortalte med stor humor om korleis ho laga historia om Innhaugfolket før ho sjekka kjeldene, men for det aller meste redda ho seg i hamn. Historia begynner medan Peder Bjørnson er prest i Kvikne.

– Den første boka var galskap. Eg hadde arbeid i skulen, og hadde sjølvsagt hus og heim. Manuskriptet vart skreve for hand i den tida, til og med når eg laga mat hadde eg papira ved sidan av meg. Det var mange dialogar som kverna i hovudet, minnest ho smilande, før ho fortel om korleis språket i bøkene vart til.

– Eg fann ut at eg måtte bruke dialekt i dialogane for å få det riktig, men til trass for at eg var van med å bruke nynorsk, syntes eg det vart for vanskeleg i desse bøkene.

Ny bok

Anne Karin Elstad hausta stor applaus for hennar deltaking på ferga, og vi nytta høve til å høyre om det kjem noko nytt frå ho snart.

– Eg kan ikkje seie so mykje om det enno, men kanskje til neste år, smiler ho løyndomsfullt.

Mykje applaus hausta og Per Husby og Anne Lande for sine musikalske bidrag på turen.

Husby fortalde om lyrikaren frå Øksendal, Peder Sjølset, som berre vart kalla Ulla Pe. Før krigen var han av dei fattigaste i bygda, og han skreiv dikt som hylla naturen. Desse sende han inn til Nordmøringen.

Toner til dikt

Det var og ein annan som sende inn dikt til same avisa, nemleg Jenny Elstad, mor til Anne Karin. Lande og Husby hadde tonesatt dikt av begge desse, som dei framførde, noko Anne Karin Elstad syntes var rørande.

I all hovudsak var det Prøysen-tekstar frå deira siste plate «Helt nær». Stor stemning hausta dei to tekstane som først vart framførde på portugisisk, før Lande song si eiga oversetjing til norsk. Artige tekstar som handla om kjærleik og krangling.