Mange deltok i Aure

Alle som deltok fekk diplom etter at UKM-mønstringa var ferdig.

Alle som deltok fekk diplom etter at UKM-mønstringa var ferdig.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Musikk og dans var hovedingrediensane da UKM for Aure gikk av stabelen i gym-salen ved ABUS laurdag, ei mønstring som kvalitativt må vere av det beste som har vore i Aure/Tustna.

DEL

Nytt av året var at det i stor grad var ungdommane sjølve gjennom ungdomsklubben Piggdækket som stod for arrangementet. Med god hjelp frå Raanes-karane i Ra Audio var den tekniske biten nærast strøken.

Ei fin ramme skapte og det Grease-inspirerte miljøet og innslaga som Piggdækket sjølv varta opp med utanfor sjølve deltakar-programmet.

Dominerte

Naturleg nok var det musikk som dominerte mellom dei 12 innslaga frå scena. Vi fekk gjensyn med nokre relativt rutinerte UKM-arar, men fekk og stifte bekjentskap med nokre skikkelege ferskingar.

Eit av dei mest imponerande prestasjonane var 11-årige Hanna Thevik si framføring på solotrompet. Mo åleine på scena spelte ho «Morning has broken», og det med bravur.

Popgrupper

Men det alt overveiande var altså innslag frå ulike grupperingar som tok for seg meir ulike pop- og rockemelodiar.

Hot`ems var eit spennande samansetning med ei svært så ungdommeleg besetning. 5 unge damer i alderen 12 – 15 hadde starta band no seinhaustes, og maestro Mali Christine Hennøen kunne fortelje at ho hadde utfordra dei andre for å sjå om dei torde stille. Og når dei så ikkje trekte seg var det berre å køyre løpet.

Av grupper elles kan vi nemne kjenningar som Turbofrosk og Fanta (tidlegare Friends) som er to solide kulturskuleband som også deltok i fjor.

EIK var eit nytt bekjentskap, eit jenteband som var nystarta i haust, men klarte seg fint. Helene Sletta Aastrøm hadde fått med seg Liddvar Hannasvik til å kompe seg under ei god framføring av Time after time og About you now, meir enn godkjent.

Litt eldre krefter hadde og Elisabeth Torstuen med seg i bandet sitt då ho framførte to sjølvskrivne låtar. Flott stemme og sjølvsagt god hjelp av rutinerte karar som Liddvar Hannasvik og Alf Magne Langholm.

Eit par duoar var og frampå. Johnny Andresen og Lill Renate Reirå song «Tears i Heaven» og «Hallelujah», medan Guro Nedresæther Langholm og Stine Rønne Sæter bidrog med «Turn Around».

Artikkeltags