Flest premiar sørover

Artikkelen er over 9 år gammel

SURNADAL: Nordmøringane leverte ein flott fylkeskappleik, men dei fleste premiane gjekk sørover. Unntaket var dans levert av Kattsmygarlaget.

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Av EMBRIK RUDNINGEN

Nok ei gong var det romsdalingar og sunnmøringar som tok med seg flest premiar etter å ha tevla i spel, sang og dans – denne gongen muse- og rottefeller. Men så utgjorde vårt fogderi berre ein brøkdel av deltakarlista. Dei som var med, gjorde det til gjengjeld høveleg bra, og sytte for fleire sigrar.

Den gjevaste var nok fyrsteplassen Nordmøre spelmannslag måtte dele med Valldal spelemannslag i lagspel fele med komp. Seks lag deltok. Og kven veit, om fleire nordmøringar hadde delteke solo kunne ein kanskje unngått at så mange premiar forsvann til «rivalane».

Unni Boksasp vann A-klassa i vokal solo. I den klassa får ein berre delta om ein er tilstrekkeleg premiert frå landskappleiken. Ho var den einaste i klassa, så det var ikkje så rart ho vann, men ho beviste nivået sitt ved å ta eit napp i vandrepremien for høgast poengsum.

Kattsmygarlaget

Ungdommane frå Tingvoll under fana Kattsmygarlaget retta opp mykje. Ingrid og Jens Erik Hanem vann dansetevlinga for ungdom opp til 18 år og dei tre neste plasseringane sytte også laget for, og slo dermed Hellesylt.

Dei einaste spelemennene våre som deltok solo fekk tredjeplassar. Olav Lillegård fekk ikkje fela til å låte som han ville og måtte begynne på nytt fleire gonger. Runhild Heggem fekk det heller ikkje heilt til, men slo trass alt mange flinke.

Artikkeltags