Dordi fekk Kleivaprisen

Hedret: Dordi Skuggevik Tande fekk Kleivaprisen og taktfast applaus frå eit publikum som tydeleg meinte prisen er vel fortjent.

Hedret: Dordi Skuggevik Tande fekk Kleivaprisen og taktfast applaus frå eit publikum som tydeleg meinte prisen er vel fortjent.

Artikkelen er over 7 år gammel

Dordi Skuggevik Tande er tildelt Kleivaprisen 2011.

DEL

Henning Sommerro overrakte prisen under Kleivakvelden fredag kveld, og sa mellom anna dette om prisvinnaren:

«Ingenting for lite, ingenting for stort. Ingenting for lokalt, ingenting for internasjonalt».

Andre summerer det opp slik: «Personen er raus, kontroversiell, kunnskapsrik og morosam, tek gjerne plass, tåler det – og liker det! Det er kanskje på tide at ein så modig person får Kleivaprisen».

Årets kleivaprisvinnar har òg vore ein viktig bidragsytar for det lokale kultur- og musikklivet gjennom mange år både i Surnadal og i Trondheim, der korsong generelt og gregoriansk song spesielt har vore eit av hovudinteressene for denne kunnskapsrike prisvinnaren.

Prisvinnaren er tidlegare tildelt ærestittelen «Chevalier dans l'orde des Arts et des Lettres», (Ridder i ordenen for kunst og litteratur), av den franske kulturministeren. Denne utmerkinga er ein av fire franske ministerielle ordnar, og derav ein av Frankrikes hovudutmerkingar.

Ho er ein uredd forslagsstiller i kulturelle og religiøse saker, som verken har lagt seg inn under biskopar eller andre. Ho har òg brukt år av livet til – på eigen risiko med eigen finansiering og på eiget forlag – samla stoff, skreve og gitt ut «Utvandringshistorie frå Nordmøre», for dette arbeidet har ho fått personleg takk frå Kong Olav.

Boka i seg sjølv er eit prosjekt, men den førte og med seg ein verdifull kulturutveksling i praksis med ein strøm av norskamerikanarar som har besøkt «gamlelandet» etter at boka kom ut. Boka blir også bruka som eit oppslagsverk for mange med slektningar «over there» og for dei som har interesse for dette spesielle kapitlet i historia vår.

Årets Kleivaprisvinnar var den første kultursekretæren i Surnadal kommune. Ikkje minst har ho vore, og er framleis, ein fargeklatt som ikkje kvir seg for å kommentere stort og smått av det som opptar ho.

Artikkeltags