14 treff på rad

Randi Kjøsnes (til venstre) og Janne Hansen i samspel for det 14. nordmørstreffet.

Randi Kjøsnes (til venstre) og Janne Hansen i samspel for det 14. nordmørstreffet.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Det er igjen tid for Nordmørstreffen; trekkspell- og toraderfestivalen som er arrangert i 14 år uten avbrudd.

DEL

Nordmørstreffen er av dei få i sitt slag i Midt-Norge; årviss og populær, men likevel uten ambisjonar om å konkurrere ut Selbufestivalen.

– Dette er ein liten treff med eit godt program, men vi har ingen planer om å bli større, seier Janne Hansen og Randi Kjøsnes i arrangørkomiteen.

Likevel kan dei legge fram eit program som spenner over tre dagar med konsertar og innslag.

Det første høgdepunktet kjem med kyrkjekonserten på torsdag. Det blir eit treff mellom lokale talent og tilreisande etablerte folk, frå Marianne Husby og Elisabeth Torstuen til Odd Arne Halaas og Reidar Dahle.

Fredag er det musikk-kafé med allsang i grendehuset Bergtun i Foldfjorden, der det blir lagt vekt på å sleppe til lokale musikarar.

Familiekonsert

Laurdag åpnar festivalområdet tidleg på føremidddagen med salgsutstillingar, medan tilreisande musikarar skal undervise barn og unge i eit miniseminar som skal munne ut i ei framføring på familiekonserten om kvelden.

Aure toraderlag, kulturskolen,Trond Larsens Kvartett og Hjemmelaget skal også fram på den store konserten laurdag.

Men ingen Nordmørstreff uten ein svingom. Det blir det riklelig anledning til på dansegallaen den siste kvelden, der dei aller fleste av dei mest kjente gruppene og musikarane nok vil få folk ut på golvet og med på notane.

Artikkeltags