Gå til sidens hovedinnhold

Sp og Klinge= Møreaksen

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Før siste valg var Sp og Klinge garantisten for Romsdalsaksen. Nokre veker etter snudde dei tvert om og støtta sterkt Møreaksen. Slikt er å føre innbyggjarane bak lyset.

Før siste valg var Sp og Klinge garantisten for distriktskulane. Få veker etter valget la Sp ned den vidaregåande skulen i Vanylven, kutta 35 mill kr innanfor vidaregåande skular, klaga på sveltefora fylkeskommunar, og gjekk samtidig med 313,5 mill kr i overskot i fylket. Sp seier ein ting, gjer stikk motsatt.

Er det mulig å framføre frå Sp og Klinge meir greinalause påstandar om at Frp heva ferjeprisane? Alle som har fulgt med, veit at Sp, Ap og Høgre auka ferjeprisane til himmels her i fylket på 20 av 24 ferjestrekninger som SPp og co faktisk har ansvaret for. Frp derimot, tvinga regjeringa til å sette ned ferjeprisane med 25 prosent etter at Sp, Ap og regjeringa stemte imot Frp sitt framlegg om gratis ferjer. Igjen, seier Sp ein ting og gjer stikk motsatt i praksis.

Når Sp og Klinge direkte fører folket bak lyset ang Møreaksen, er eg rimeleg sikker på at innbyggjarane ikkje finn seg i dette den 13 september.

Stopp Møreaksen. Stem Frp.

Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og andrekandidat til stortingsvalget for Møre og Romsdal Frp

Kommentarer til denne saken