Sp og Autopass

Frank Sve, Frp, fikk fylkestinget med på å gå mot deponi på Raudsand.

Frank Sve, Frp, fikk fylkestinget med på å gå mot deponi på Raudsand.

Av
DEL

LeserbrevAutopass skulle SP og leiaren i samferdselsutvalget Kristin Sørheim innføre her i fylket, uansett kva dette skulle koste og uansett konsekvensane for dei som er avhengige av ferje». Om ikkje dette er nok, har SP også varsla at ein truleg setter opp igjen til nyttår dei to ferjetakstsonane som vart satt ned.

Etter eit massivt ferjeopprør mot auka ferjeprisar med bakgrunn i kraftig auke av ferjeprisane som SP og co gjennomførte i desember 2019, planlegg dei tydeligvis no å auke dette igjen.

Eit gedigent overskot i drifta her i fylket på heile 313,5 millioner kroner og der 150 mill kr blir brukt på opera, skal altså dei ferjereisande likevel flåast økonomisk, og vidaregåande skuletilbod leggjast ned med SP bak rattet i fylkeskommunen i Møre og Romsdal.

Autopass aleine står for halvparten av ferjeprisauken her i fylket, og Møre og Romsdal FrP har vore sterk motstandar av innføring av dette svindyre systemet som aukar ferjeprisane for bil med 32%. SP og Kristin Sørheim lova «gratis ferjer» før valget,- no har altså SP igjen tenkt å auke forskotsbetalinga på Autopass kort og brikke frå 1200 kr, til 3600kr med verknad frå 1/7-2020.

.Dette kjem klart fram av saka vi skal behandle isamferdselsutvalget 2/7 som SP sjølvsagt har gjennomført med kameratane sine på fylkeshuset og i fylkesadministrasjonen.

Vi i FrP kjem til å fremje framlegg om å fortsette med 1200 kr som beløp for Autopass for fylkesvegferjene, og kreve at dette fortsetter vidare framover. Vi blir nok nedstemt, for leiaren i samferdselsutvalget og SP kjem nok med eit ferdig framlegg ilag med dei raud/grøne partia og Høgre, som sjølvsagt støttar fylkesrådmannen og slett ikkje dei ferjereisande her i fylket».

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags