Sp fører innbyggjarane bak lyset

SP seier ein ting i valg, og gjer stikk motsatt i realiteten. Dette er rett og slett greinalaust, meiner Frank Sve.

SP seier ein ting i valg, og gjer stikk motsatt i realiteten. Dette er rett og slett greinalaust, meiner Frank Sve. Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I valgkampen viste Kristin Sørheim til eit årsmøtevedtak i SP som gjekk for Romsdalsaksen, no står den same Sørheim fram og ynskjer Møreaksen. Dette er rett og slett uærlig og blir å føre innbyggjarane bak lyset, når SP og Kristin Sørheim gong etter gong seier ein ting før valget, og stikk motsatt etter.

Før valget lova SP gratis ferjer, full satsing på vidaregåande skular som fyrste pri, dei skulle satse på kollektivtilbudet og ingen vidaregåande skular skulle leggjast ned.

No etter valget, legg SP ned Vanylven vidaregåande skule, kuttar 34 mill kr i andre skular i resten av fylket, og kuttar kraftig i kollektivsatsinga.

Ei av dei store og viktige sakene som gjorde at folk stemde også på SP, var Romsdalsaksen. Folk her i fylket stolte på deg, Kristin Sørheim og SP, at du og partiet faktisk reelt ville gå for Romsdalsaksen. Når du nå står fram i RB og går for Møreaksen, er du rett og slett ikkje til å stole på, noko eg reknar med at resten av innbyggjarane her i fylket får med seg.

SP seier ein ting i valg, og gjer stikk motsatt i realiteten. Dette er rett og slett greinalaust!

Frp er klokkeklare på at vi ynskjer kryssing av Romsdalsfjorden som Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer, dette er vårt fylkesårsmøtevedtak og dette har vi faktisk tenkt å holde.

Artikkeltags