Gå til sidens hovedinnhold

Søndag syng vi «Deilig er jorden»

Samling og song framfor kyrkjetrappa søndag.

Biskopen i Møre har foreslått allmenn mønstring med «Deilig er jorden» i 4-tida søndag ettermiddag. I Åsskard tek soknerådet og vi tilsette imot oppfordringa og inviterer til samling og song framfor kyrkjetrappa vår.

Ei gruppe frå koret P17 stiller som forsongarar, og Bernt Bøe gir tonefølgje på el-orgelet sitt. Kan hende syng gruppa også eit par nummer frå julekonserten som skulle gått same kveld, men måtte avlysast av koronaomsyn.

Faklar og adventlys vil sikkert skape ein heilt spesiell atmosfære under den korte samlinga framfor ei tom, men opplyst kyrkje når vi alle - trass i korona og krisetid - stemmer i med «Deilig er jorden»!

Kommentarer til denne saken