Sola og regndropane var skiftesvis framme under måndagens målardugnad. Men åsgardingar, bøverdalingar og bøfjordingar handterte skraper og målingskostar med stødig hand.

Nede ved Belaelva sørga Petter, Geir og Johannes og motorsagene deira for effektiv rydding av kratt og småskog.

Oppslutninga var kanskje prega av at folk enno er på ferie. Men i løpet av ei velbruka økt, inkludert pølse- og kaffepause, vart mykje gjort. Besøkande vil no finne kyrkjegarden pent og ordentleg innramma.

- Det står att rydding av litt småskog bak bårehuset og måling av gjerdet langs elva, men dette vil frivillge ta i småstunder framover, seier ein godt fornøgd soknerådsleiar og pådrivar Eva Jorid Svendsen.