Slik er kulturskolens nye logo

NY: Surnadal og Rindal kulturskole med ny logo, etter at Halsa gikk ut av det som tidligere var Kulturskolen på Indre Nordmøre.

NY: Surnadal og Rindal kulturskole med ny logo, etter at Halsa gikk ut av det som tidligere var Kulturskolen på Indre Nordmøre.

Surnadal og Rindal kulturskole fekk lokal hjelp for å lage sin nye logo.

DEL

– Vi har fått oss ny logo, seier en fornøgd rektor Torbjørn Larsen ved Surnadal og Rindal kulturskole.

Surnadal og Rindal kulturskole vart etablert som et vertskommunesamarbeid mellom Surnadal og Rindal frå 1. januar etter at Halsa forlot samarbeidet som inntil da bar namnet Kulturskolen på Indre Nordmøre.

– Da var tida inne til å skifte ut den gamle logoen som bestod av kommunevåpna til dei samarbeidande kommunane i Kulturskolen på Indre Nordmøre, seier Larsen i pressemeldinga frå kulturskolen.

Kulturskolen med base på Skei, ville handle lokalt og kontakta todalingen Ingun Redalen White.

– Ho har gjennom dialog med oss kome fram til ein logo som er med på å beskrive kva vi står for og kva elevane kan oppnå ved å vere elevar hos oss, seier Larsen.

Konglemotivet inneheld mange tolkningar og det er ingen fasit for kva du les ut frå motivet. White seier at kongla er eit ur-symbol kjent i mange kulturar. Vi finn den i tru og kunst, og symboliserar ofte «det tredje auge» som står for åndeleg innsikt, vekst og utvikling. I lokalmiljøet, har furua, mortreet til furukongla i alle tider vore eit viktig råstoff. Furua har gjeve varme, næring og realisert utallige idear.

– Vi kan også seie at vi hjelper elevane med å bygge lag på lag med kunnskap og ferdigheiter i løpet av den tida dei går i kulturskolen, seier Larsen.

Artikkeltags