Vi har i det siste sett i media og fått signal frå fleire kommunar om planar om å slå saman eldreråd og råda for personar med nedsett funksjonsevne. Dette er noko vi frårår sterkt, begge råda trengst!

I staden for å satse mindre på medverknadsorgan, bør kommunane satse meir på slike organ. Det å ha to ulike råd er med på å styrke arbeidet med medverknad i kommunane. Vier kjende med at enkelte kommunar har fellesråd, og at dette er ei god løysing for dei. I forskrifta seier ein at ein kan ha fellesråd dersom dette «ut i frå lokale forhold er nødvendig». Det er ikkje understreka kva ein legg i nødvendig, med hovudregelen er likevel at det skal vere tre medverknadsråd i kommunane og fylkeskommunane, eit for unge, eit foreldre og eit for personar med nedsett funksjonsevne. Det er viktig å merke seg at forskrifta også seier at organisasjonar for eldre, organisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne og etablerte råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne i kommunane eller fylkeskommunen skal høyrast før det vert oppretta fellesråd.

Må satse meir

I eit samfunn som får større og større sosiale forskjellar og demografiske endringar, ser vi at det er eit behov for at kommunane satsar meir på å høyre innbyggjarane sine synspunkt. Å ha sterke og velfungerande medverknadsorgan er svært viktig i kommunale prosessar. Ein må stadig minne om at det lovpålagt at råda skal få uttale seg på saker som høyrer til deira felt. Til tidlegare kommunane og fylkeskommunane involverer råda, til tidlegare vil ein kunne få innspel til å forbetre sluttresultatet av saker. Gjennom medverknad ser ein at brukarperspektivet løftar kvaliteten av sluttvedtaket, for alle. Vi viser til tidlegare kronikk frå same forfattarar: «Manglande brøyting og strøing hindrarsamfunnsdeltaking», publisert i årsskiftet. I kronikken viser ein til at resultata i folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal viser at innbyggjarane i fylket jamt over er fornøgde korleis ein har det i fylket.

Kan bli betre

Likevel viser resultata på universell utforming at ein har moglegheit til å gjere fylket vårt ein endå betre plass å bu for oss alle. Det at medverknadsråda har moglegheit til å delta aktivt i kommunen er ein viktig nøkkel for nettopp dette. Vi vil at alle skal trivast i Møre og Romsdal, og med medverknad blir vi betre!

Ein er også kjend med at tematikkane til medverknadsråda ofte er overlappande, men det er likevel nyansar av både mindre og større karakter. Slik har Stortinget bestemt gjennom lov at dei anbefaler to forskjellige råd, og vi som fylkeskommunale rådsleiarar anbefaler sterkt at kommunane gjer det same!

Markerer Eldredagen med to arrangement

Eldrerådet vil ha sykehjem på Goma