Skulebesøk på museet

Av
DEL

Kvar vår har 9. klassingane i Surnadal ein besøksdag i Bøfjorden. Sist onsdag var dei gjester på sjøbruksmuseet, på Bøfjorden Sag og på friluftsarenaen Mjøksanden.

Bygda tok i mot dei med strålande sommarver. På Bøfjorden Sag kunne sjefen Magnus Bøklep vise dei rundt og fortelje om produksjonen av trelast til alle slags formål. Bedrifta starta i 1997 og har utvikla seg til ein betydeleg arbeidsplass med 17 tilsette i dag.

I Mjøksanden like aust for Settemsørane har dyktige foreldre saman med Røsslyngen 4H skapt eit flott friluftsområde med gamme, gapahuk, badestrand og leikeområde. Her feira elevane eit utvida matfriminutt denne dagen.

Skipsbygging og forlis

Styremedlemmene Eli Moen og Bernt Bøe frå Bøfjorden Historielag tok i mot elevane på sjøbruksmuseet. Med lysbilete og utstyr frå samlingane fekk dei glimt frå fortida på Nordmøre - mest frå Bøfjorden.

Nokre meter unna sjøbruksmuseet stod skipsverftet der den legendariske fiskedamparen «Skrøyfa» var bygd i 1915 – med berre handreiskap. Foto av mannskapet viste endatil oldefedre til eit par av niandeklassingane i salen. Og ein gut frå Hamnes kjente att skarpseglaren «Embla», som var bygd der på garden i 1893.

Biletserien hadde også med forliset til rutebåten «Statsraad Riddervold» i 1944 - rett bortafor museet. Dessutan skuter som frakta støypesand frå elva Surna til oppbygginga av det krigsbomba Kristiansund.

Trelast, Bøbrua og «Mannbjønnen»

Elevane fekk sjå og høre 400 år sagbrukshistorie - frå Zetumb Saug i hollendertida på 1600-talet via Nordmøre Impregnering og fram til dagens Bøfjorden Sag - på same området.

Bøbrua, som vart bygd i 1964, batt saman folket på begge sidene av Bøfjorden og skapte ei ny tid for folket i bygda.

Historietimen på museet toppa seg i det store dramaet om «Mannbjønnen» i 1770-åra. Da vart fem menneske rundt Bøfjorden drepne av bjørn - noko særmerkt både nasjonalt og internasjonalt. Overtru og mystikk fletta seg inn i dei faktiske hendingane den gongen. Og ikkje minst var det lydhøre elevar som tok til seg forteljinga om Skyttar-Tølløv som etter segna skaut Mannbjønnen - med ein sølvknapp!

Quizen etter museumstimen viste at alle hadde følgt godt med!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken