Vi er mange som hadde forventningar til den nye regjeringa. Men dessverre: det viste seg fort at her var skuffelsar i vente!

Statsstyring dreier seg ikkje berre om pengar og pengebruk. Regjeringa viser politikken sin også i ordval og prioriteringar, kva ho gjer og ikkje gjer. For mange av oss er ikkje minst Noreg som «eit lite land i verda» viktig, med sine tiltak og vektleggingar. Landet er jo også for tida – atter ein gong – med i Tryggingsrådet i FN. Det må jo vere fordi styresmaktene meiner at landet har noko å bidra med til ei betre og tryggare verd.

I Midt-Austen er 4 norske kvinner med 4 barn fangar i ein leir etter IS-kalifatet. Både FN-systemet, kurdarane som administrerer leirane, og ei lang rekke humanitære organisasjonar har bede om at dei enkelte landa hentar heim sine borgarar, straffeforfølgjer dei vaksne, og gir borna oppvekstvilkår som kan frigjere dei frå å vekse opp som framtidige terroristar. Solbergregjeringa avviste noko ansvar for desse norske statsborgarane. Og no synest den nye regjeringa å følgje etter i same spor, med å vise til at Noreg har ingen juridiske forplikelsar.

Det er synd på eit folk og ei verd der naboar og medborgarar og medmenneske er avhengig av juridiske forpliktelsar for å hjelpe kvarandre – og regjeringa nektar å stille opp – når det attpå til gjeld store og små eigne statsborgarar!