Skipstunnelen er verdt pengane

Senterpartiet kjem til å halde fram med å kjempe for Stad skipstunnel, skriv Jenny Klinge.

Senterpartiet kjem til å halde fram med å kjempe for Stad skipstunnel, skriv Jenny Klinge.

Av
DEL
Stadhavet er berykta for vêrforholda. Det er ei farleg sjøstrekning, og den gode praktiske løysinga er Stad skipstunnel, som gjer at båtar kan passere trygt innanfor. Denne er rekna å koste 2,7 milliardar, som jo er mykje pengar. Gevinsten vil likevel vera verdt det – betre sjøsikkerheit og meir effektiv, miljøvenleg og føreseieleg transport av både gods og folk, både for langvegsfarande og dei som bur i regionen.

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Mange er skuffa fordi regjeringa ikkje har lagt inn midlar til oppstart av skipstunnelen i statsbudsjettet for 2021. Ein av desse er Jon Georg Dale frå Frp, som var samferdselsminister fram til januar i år. Han seier no at Frp skal sørgje for bygginga. Ja vel. Det er legitimt å minne Dale på at han og hans parti kunne ha sørga for at skipstunnelen både var oppstarta og ferdig bygd lenge før Frp frivillig gjekk ut av regjering og han sjølv gjekk av som statsråd.

Stad skipstunnel – fortsatt unyttig og ulønnsom?

Stad skipstunnel

Vi i Senterpartiet kjem til å halde fram med å kjempe for Stad skipstunnel. Det er verdt å bruke pengar på slikt som kan berge liv – og som gir meir liv og røre i form av næringsaktivitet og arbeidsplassar i åra som kjem.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken