Gå til sidens hovedinnhold

Sjukehusaka i Møre og Romsdal. Korleis kan vi gjere det?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

For eit par veker sidan skreiv eg nokre lettvinte kommentarar på ei fb-side om bygging av fellessjukehuset for Romsdal og Nordmøre på Hjelset, innafor Molde, og om Skanska som då hadde anbodet. Delvis brukte eg ironi for å uttrykke synet mitt, dette kunne tolkast feil. Her vil eg klargjere kva eg meiner:

Eg står på det synet som Raudt har hatt i mange år, 4 fullverdige sjukehus i Møre og Romsdal, sjukehus i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda, gjerne med litt ulik spesialisering.

Molde treng eit nytt sjukehus, enten det blir eit lokal-sjukehus eller eit fellessjukehus. Nærheit mellom brukarar og helseinstitusjon er ein verdi som samfunnet bør ta vare på, det er overordna mange andre omsyn. Og med sjukehus på kvar av desse stadene, bidrar det til å gjere regionane meir likeverdige, med omsyn til fagfolk og arbeidspassar innafor helse.

Skanska hadde anbodet på den planlagte sjukehus-bygginga, men eit par dagar etter eg skreiv om dette, kom helseforetaket i Møre og Romsdal ut med beskjed om at Skanska har mist anbodet. Eg ville på ingen måte med skrivinga mi, bidra til at Skanska ikkje skulle bygge eit sjukehus som fleitalet av partia hadde bestemt skulle byggast, men dette var kanskje heilt tilfeldig.

Skanska har gjort godt og seriøst arbeid med Nordøyvegen, men dei har heile tida hatt ein offentleg samarbeidspartnar, Statens vegvesen, som i fleire år har drive grundig planleggingsarbeid før oppstart, lokalisert til Molde.

Samarbeid mellom det offentlege og ei pivat bedrift har vore særs vellukka her. Det er ein modell som burde kunne brukast innafor mange bransjar, modellen blir også no brukt meir i Norge.

Kva må gjerast?

Offentlege helsefolk bør stødigare inn og planlegge sjukehusehus-bygging, foretaksmodellen bør avviklast.

Landet burde ha ein helse-modell som liknar på Statens vegvesen, Statens helsevesen, kanskje? Vi burde ha betre utvikla samarbeid mellom staten og det private, som her ved byging av offentlege bygg .

Ein slik modell burde kunne brukast også i eit meir sosialistisk samfunn.? Å sentralisere all makt og alt arbeid til statleg leiing, vil heller ikkje, kanskje, gje det beste resultatet. Fleire ulike modellar kan vere aktuelle, lokalt eige, arbeidar-eige, aksje-selskap o.s.b.

Desentralisering av makt trengst i alle fall, for å hindre at nokre gjer seg rike på bekostning av dei mange, for å hindre korrupsjon og forsømmelsar i arbeidet. Stat og private kunne gjensidig påverke kvarandre positivt og løfte og kontollere kvarandre, og slik også gje rom for fleire typar folk.

Kommentarer til denne saken