Gå til sidens hovedinnhold

Sjølvstendig domstol i Kristiansund no?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fram til nyleg har vi hatt fire sjølvstendige tingrettar i Møre og Romsdal. No har dei fire vorte til nye Møre og Romsdal tingrett. Domstolleiaren i Ålesund, Kirsti Høegh Bjørneset, har fått jobben som domstolleiar for den nye tingretten. Ho er den einaste av dei fire domstolleiarane i fylket som har vore for denne sentraliseringa, dei tre andre var mot.

Før jul var det stor strid om verkelegheitsoppfatninga mellom oss politikarar. Justisministeren og representantar frå regjeringspartia og Frp stod på den eine sida. Dei påstod at det å slå saman domstolar ikkje ville føre til at det vart færre domstolar. Vi som ønskte å behalde domstolar rimeleg nært folk i heile landet var ueinige. Vi sa klart ifrå om at massive samanslåingar av domstolar sjølvsagt vil føre til færre sjølvstendige domstolar, og fekk støtte av mellom anna jusprofessor Eivind Smith i dette.

Frå fire til ein domstol

Vi hadde rett. For Møre og Romsdal sin del betyr reforma det at dei sjølvstendige tingrettane i Kristiansund, Molde, Volda ikkje lenger eksisterer. Der er det no berre avdelingar under den nye tingretten i Ålesund. Dette får vi stadfesta når vi går på nettstaden til dei norske domstolane, www.domstol.no, der det står: «Fra og med 26. april er antallet tingretter redusert fra 60 til 23. Det skal imidlertid fortsatt være rettssteder hvor det til nå har vært domstoler.»

Når 60 har vorte til 23 på landsplan og fire domstolar har vorte til ein i Møre og Romsdal, er det jo ikkje like mange domstolar att. Men ja, filialar i form av rettstader er det like mange av - enn så lenge.

Likevel uttalte den nye domstolleiaren Bjørneset til Møre-Nytt 27. april: «Nei, Volda blir på ingen måte ein filial av tingretten i Ålesund. Alle rettsstadane blir likeverdige, med same funksjonane og like mange tilsette som før.» Sjølv sat ho i den domstolkommisjonen som tilrådde sentralisering, men ærlegheit burde vare lengst uansett kva agenda ein har. Domstolkommisjonen hadde for øvrig ikkje einaste representant frå ein mindre domstol eller ein motstandar av samanslåing.

Nær eller fjern leiing?

Med samanslåinga har Bjørneset gått frå å ha 25 tilsette til 70, fordelt på fire stader i eit stort fylke. Samanslåinga av domstolar medfører lønsauke for dei som no får fleire tilsette, men kor mykje betre leiing gir det å gå frå å ha leiarar på alle fire stader til ein fjernleiar?

Justisministeren vart pressa på dette temaet før jul, og sa då at leiarane skal vera til stades på alle rettsstadene. Dette medfører altså absurd reiseverksemd og enorme reise- og overnattingskostnader til domstolleiarar i heile landet framover.

Mange stader i landet ser vi at dei domstolleiarane som var motstemmer til sentraliseringa, har mista stillinga si som domstolleiar. Det er synd, fordi domstolleiarar kan delta i samfunnsdebatten på ein friare måte enn vanlege dommarar kan.

Vil ha tilbake fire tingrettar og tre jordskifterettar

Med svært få unntak er det altså no forkjemparane for samanslåingar som sit att med leiarstillingane. Slik har vi endå mindre motstandskraft til dei rundane med sentralisering som garantert kjem framover – viss dagens regjering får halde fram. Regjeringa og ikkje minst Domstoladministrasjonen ønskte jo ikkje berre å degradere mange av domstolane til rettsstader, dei ville legge ned dei fleste heilt med ein gong.

Sterk mobilisering gjorde dette for vanskeleg for dei i første runde. Derfor er det all grunn til å forvente press på dei rettsstadene som inntil nyleg var sjølvstendige domstolar. Press kan koma i form færre tilsette, mangel på nødvendige investeringar for framtida og at dei tilsette må reise mykje meir enn før. Vi i Senterpartiet har ei løysing: Vi vil gjenopprette både dei 60 tingrettane og dei 34 jordskifterettane om vi kjem i regjering til hausten. Eit regjeringsskifte vil såleis innebera å sikre ei vidare framtid for det som til nyleg har vore ein sjølvstendig tingrett i Kristiansund.

Les også

Kostbar og prinsippløs domstolreform

Les også

Slik blir den nye domstolen

Kommentarer til denne saken