Gå til sidens hovedinnhold

Sesongslutt på museet: – Til saman har 20.000 vore innom

Bøfjorden Sjøbruksmuseum avrundar sommaren 2021 søndag - med soddmiddag, nostalgiske idrettsglimt og trekning av sesongutlodninga.

Dagens Tema markerer 75-årsjubileet til Bøfjord Idrettslag - med tilbakeblikk på den eldste historia i klubben. Ein biletserie viser glimt av turløp, skirenn, barneidrett og trimaktiviteter. Mest plass får fotballen, som var hovudsatsinga i mange år.

Kanskje vil Sabb-motoren helse velkomen til gards med sine karakteristiske «fløff-fløff». I alle fall vil kjøkenet syte for middag og kaffe heile dagen.

Sjøbruksmuseet har hatt opne sommarsøndagar sia starten i 1995. Medrekna årets sesong, den 27. i rekka, er det såleis gjennomført vel 400 dagar med utstilling, temakåseri og ettermiddagskaffe. Til saman har over 20.000 besøkande vore innom.

Kommentarer til denne saken