Gå til sidens hovedinnhold

Selje Pride

Artikkelen er over 2 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Seljecup er ei fotballturnering no i helga. Selje idrettslag skal i helga arrangere fotballturnering med 160 lag i sving. Eit flott tiltak som aktiviserar fleire hundre unge i fysisk aktivitet og sosial trening. Idrettslag legg ned stor innsats for å halde denne aktiviteten oppe og godt i gjenge. PDK vil støtte all slik positiv aktivitet rundt om i det ganske land.

Dessverre er vi no kome dit at idrettslag, fotballag og ulike politikarar skal opptre så politisk korrekt at tema som er omstridt og diskutabelt skal pressast inn over alt, anten du vil eller ikkje. Eksponent for dette har Fotballforbundet lenge vore, og no skal det pressast inn i barneidretten i tillegg.

Fotballturneringa Seljecup som blir avvikla no i helga og her skal alle spelarane få kvart sitt regnbogearmbind som har blitt sponsa av Selje næringsforeining og Coop. Så borna skal no formidle dei idear og den ideologien som ligg bakom Pride.

Tvilar litt på om alle foreldre er klar  over kva borna då er med å formidle. Her er det voksne som brukar (misbrukar) born til å fremme det dei sjølv står for.

Pride og organisasjonen FRI står for verdiar som eg tviler på har stor tilslutning.  Barn sine rettar er for meg det overordna her. Dessverre blir dei sett tilside i denne ideologien. For eigen del støttar eg dei homofile sin kamp for like rettar som heterofile. Derimot er eg ikkje med på særrettar. Det krev dei nemleg ved å kreve retten til å ha familie. Ingen kan kreve å ha rett til barn. Det er barn som har rett til foreldre.

Alle er her med på å støtte FRI sin radikale kjønnsideologi med alt det inneber. Her går homofile sine rettar framfor borna sine og du støttar det?

Les også

- Jeg har vært åpen homofil siden 1999. Aldri har det vært et problem her i Kristiansund

 

Les også

Pride-bokstavene på Bjønnahaugen revet ned

 

Les også

Pride-markering på Bjønnahaugen: – Saboteringen av Pride-festen virket mot sin hensikt

 

Kommentarer til denne saken