Det same prinsnippet må gjelde i barnehagen som for norsk skule: Ikkje ei krone skal takast ut i privat profitt. Pengane skal gå til borna.

Det burde seie seg sjølv at kvar einaste krone staten gir til private barnehager, skal gå til borna, og ikkje til å gjere barnehageeigarane rikere. Likevel er denne tanken så provoserande for Private Barnehagers Landsforbund (PBL) at dei sist veke gjennomførte en ulovlig aksjon, der dei ba foreldra hente borna sine lenge før stengetid. Heile denne aksjonsforma var udemokratisk. Vi kan ikkje godta at private selskap presser og truer den politiske prosessen med barna som innsats for å få viljen sin. SV si klare oppfordring til PBL er å ta opp saka si på lovlig vis slik som alle andre må. PBL sette med andre ord i gong ein ulovleg aksjon forrege veke ved å stenge barnehagen tidleg, og be foreldra hente borna. PBL skubba borna framfor seg i ein ulovlig aksjon.

Vil forby profitt i velferda

Årsaka til PBL si misnøye er at regjeringa har foreslått å kutte i utbetalinga av pensjon til barnehagene. Etter som det ikkje finst oversikt over hva barnehagane faktisk treng til pensjonsutbetaling, blir det ofte igjen store summar, og disse pengene gjer det mogleg å ta ut profitt i dei kommersielle barnehagene. Fordi dei store barnehagekjedene får mye meir penger enn dei i realiteten gir ut i pensjon, blir det desto meir til de få på toppen.

Vi skal ikkje bruke en kalori på å verne ei ordning som gir kommersielle barnehagekonsern høve til å ta ut profitt frå offentlege tilskott. Tvert imot vil vi forby profitt i velferda, og sikre mangfold av barnehagar mot den store kommersialiseringa og konsolideringa til store konsern vi har sett under Erna Solbergs regjeringstid.

På linje med andre

SV meiner at dei tilsette i barnehagane skal ha pensjonsordninga på linje med andre, men offentlege midlar skal gå til formålet dei er meint for og ikkje privat avkastning slik det er mulig at kan gjerast i dag. Regjeringa foreslår eit generelt kutt i pensjonstilskott til private barnehager. SV foreslår ei bedre ordning med eit tilskott som dekker dei faktiske pensjonskostnandene i barnehagane. Poenget er at vi må rigge systemet slik at det ikkje kan takast ut privat forteneste på midlar som er gitt til å dekke penssjonskostnader i barnehagane. Kvar einaste krone staten gir til private barnehager skal gå til å lage eit godt tilbod til borna og ikkje til å gjere barnehageeigarar rikare.


Les også

Skattepengene skal gå til bedre og billigere barnehager – ikke profitt