Det er kommunane som i stor grad må bere ansvaret for velferdstenester til folket og samfunnsutviklinga i heile landet. Men det er Stortinget og den til ei kvar tid sitjande regjering som har ansvar for at kommunane greier å løyse desse store og viktige oppgåvene: Barnehageplass til alle, skulegang til alle, helse- og omsorg til alle, bustadpolitikk, naturforvaltning, lokalsamfunnsutvikling. I 2020 aukar gjelda meir enn inntektene. Over 30% av kommunane har høgare korrigert netto lånegjeld enn inntektene. 186 kommunar har lite eller moderat økonomisk handlingsrom, 170 kommunar har større økonomisk handlingsrom enn året før. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit netto driftsresultat på 1,3% i fjor. Fylkeskommunane har ansvaret for vidaregåande skular, tannhelse, fylkesvegar, ferje, kollektivtilbod, kultur og samfunnsutvikling. Regjeringa, og spesielt Høgre, påstår at kommunane har god økonomi, pengar på bok og at dei raudgrøne partia svartmalar situasjonen.

Tala viser altså noko anna, det er tronge tider. Bak tala er det også ei historie. Det skal eg komme tilbake til. Kommunane er hardt pressa og må gjere uforsvarlege kutt i skule, barnehage, eldreomsorg og andre viktige tenester. Kommunepolitikarane frå alle parti har streva med å få i hop budsjett som kan bli godkjent, slik at dei slepp å bli sett under administrasjon. Lærarar, foreldre, pensjonistar og andre har protestert, demonstrert og fortvila over kutta. Når rekneskapen for 2020 ikkje viser så alarmerande negative resultat i alle kommunane, er det fordi 1) kommunepolitikarane har stilt opp og gjort innsparingane for staten, ofte heilt imot kva dei eigentleg ville, 2) staten – heldigvis – har kompensert for ekstra kostnader med koronatiltak, 3) mange kommunar og fylke har i to år fått bra eingongsutbetalingar frå havbruksfondet, 4)skattlegginga har vorte omlagt og mange kommunar har fått ekstra skatteinntekter pga. taktiske føringar. Overskot kjem altså av alt for harde innstrammingar, og for ekstraordinære inntekter straks før eit val.

Eg var ordførar da Erna Solberg var kommunalminister. Det var harde tider både for små og store kommunar. Men også da påstod Høgre at kommuneøkonomien var god. Tilsynelatande var den det – gjennom det prokuratorknepet at kommunane fekk inntektsføre momsen på investeringane sine. Det var ein livsfarleg økonomisk veg – kommunane vart avhengige av investeringar for å skaffe seg inntekter til drifta, men på papiret og i KOSTRA-basen såg det fint ut. «Det foreslåtte opplegg vil medføre at kommunesektoren fortsatt vil ha et likviditetsmessig og resultatmessig overskudd knyttet til kompensasjonsordningen,» skreiv Solberg i november 2003. Og det vart bruka i valkampen for alt det var verdt. Rekneskapsførarar og revisorar slo alarm, og i 2014 vart denne regelen fjerna, slik at mva-kompensasjon på investeringar må førast i investeringsrekneskapen. Da vart driftsresultata over natta dårlegare og kutta måtte bli hardare.

Kommunane sine inntekter må styrkast og fordelinga må bli meir rettferdig. Kommuneøkonomien er ikkje god, men kunstig oppblåst i Høgre-sida sine valkamp-innlegg. Mellvin Steinsvoll og pensjonistforbundet har heilt rett, vi må sjå på realitetane ute i det verkelege livet, kva som trengst, ikkje berre på KOSTRA-tala for 2020.

Raud-grøne regjeringar har alltid vore ein sikrare garantist for velferdsstaten og likeverdige kår enn høgre-partia. Senterpartiet har i særleg grad løfta kommuneøkonomien og prøvd å fordele meir rettferdig rundt om i landet når vi har hatt kommunalministeren. Stoltenberg II, med Liv Signe Navarsete som kommunalminister la fram ei stortingsmelding om kommuneøkonomi og skatteinntekter. I handsaminga står det: «Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, viser til at det er store variasjoner i skattegrunnlag mellom kommunene, noe som skaper store forskjeller i inntektsnivå. Forskjeller i inntektsnivå er den viktigste årsaken til ulikt tjenestetilbud. For å sikre en jevnere fordeling av inntekter mellom landets kommuner og utjevne uønskede forskjeller, viser komiteen til at Stortinget har vedtatt å redusere skattens andel av kommunenes samlede inntekter fra 45 til 40 pst. Skatt er fortsatt den viktigste inntektskilden for kommunene. Stortinget har tidligere sørget for større omfordeling gjennom å øke skatteutjevningsprosenten i inntektssystemet.Flertallet vil understreke at redusert skatteandel og økt utjevningsprosent er et viktig omfordelingsgrep. Med dette overføres midler fra skattesterke til skattesvake kommuner.»

Les også

Valgets betydning for pleie- og omsorgssektoren

Les også

Rødgrønn kommunebløff