Såleis må ny E-39 frå Blindheim- Breivika med sine 25000 bilar i døgnet, og Moa til Digerneset med sine 12000 bilar i døgnet, byggjast svært så lenge før Møreaksen.

Kven har kome på noko så inn i hampen greinalaust som at 2.300 bilar over Romsdalsfjorden, som i dag tek 30 minutt, skulle vere grunnlag for firefeltsveg til mange titals milliard kr?

Ikkje på grunn av «kø», ivertfall.

Ferjeturen over Romsdalsfjorden vil ta mindre tid enn den gedigne omvegen frå Ørskogfjellet via Vik, under fjorden 300-400 m, over Julsundet og veg inn og forbi Molde med Møreaksen.

Kven har forsøkt å lure folk til at trafikken gjennom Møreaksen skal gå raskare enn dagens ferjer» ?

Vogntog vil ligge i 40-50 ned bakkane frå Ørskogfjellet og med fare for varmgang i bremser. Vidare bryte seg opp bakkane igjen opp tunellane. Mange rundkøyringar er også lagt inn, der vogntoga må ned i omlag 0 km/t og opp i fart igjen.

Vegane i fylket som faktisk HAR rushtrafikk blir ikkje prioritert, der står trafikken i E-39 Blindheim- Breivika i stampe kvar dag. Næringslivet står også og ikkje kjem seg inn på vegen, i fylkets mest ulykkesutsatte kryss, Veibustkrysset.

Frå Moa til Digerneset er det 11-12000 bilar i døgnet, men må klare seg med gamle tofeltsvegar. Vidare til Sjøholt og Ørskogfjellet det same med ca 7000 bilar i døgnet,

Godeste Rasmus Rasmussen framsnakkar Møreaksen på inn og utpust. Folk flest ynskjer Møreaksen dit pepperen gror, og vil ha vegbygging der det faktisk er trafikkgrunnlag for dette.

Eg og Frp kjem både i Møre og Romsdal og i Transportkomiteen til å arbeide for dei viktige vegane, samt der det både er trafikkproblem og store behov.

I Møre og Romsdal er E-136 frå Ålesund og opp Romsdalen viktigast. I tillegg til E-39 Blindheim-Breivika. Viktig er også vegnettet inn mot Kristiansund på RV 70, og ut av Molde/Kristiansund mot Åndalsnes via FV 64 Langfjordkryssinga.

Sør i fylket har vi Rovdefjordkryssinga, Sande Fastlandsamband, Voldatunellen og Strynefjellet.

For ikkje å snakke om utbetring av E-39 frå Ørsta til Festøya, berre å sjå «krøtterstien» ved Rindane der knapt nok bilar kan møtast.

Så får vi løyse køproblema der køproblema er, og då kjem Møreaksen bakerst i køa.


Les også

Er rush-trafikk og kø et problem?