Gå til sidens hovedinnhold

Reverser kutta i den vidaregåande skulen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I fjor kutta Ap/SP-posisjonen i fylket drastisk i det vidaregåande utdanningstilbodet til ungdommane i Møre og Romsdal. Det var store demonstrasjonar frå både elevar og lærarar, men dette brydde dei seg ikkje om. Når rekneskapen for året 2019 kom i mars viste den eit overskot på 313,5 millionar!

I år er det også varsla kutt igjen, sjølv om økonomikrisa er avlyst. Dei neste åra er det forslått kutt på heile 65 millionar. Senterpartiet gjekk til val på å ikkje leggje ned skular, det første som skjedde var at dei la ned Vanylven vidaregåande. Kven er neste på Senterpartiet si nedleggingliste?

Kutta som blei gjennomført i fjor har ført til at langt fleire 15- og 16-åringar har fått lenger reiseveg, eller blitt nøydd til å flytte på hybel for å ta den utdanninga dei ha. Dette meiner vi i FpU er negativt fordi det er ikkje alle som har råd til å bu på hybel, og derfor må ha hjelp frå foreldra til å betale leiga.

FpU meiner at ein må reversere alle kutta i den vidaregåande skulen slik at alle som bur i heile fylket skal få eit godt og variert utdanningstilbod. Utdanning er ei investering for framtida, og det er ikkje ungdom i fylket som skal måtte ta konsekvensane for dårleg økonomisk styring!

Kommentarer til denne saken