Etter NRK Debatten den 17.01 har ikkje reaksjonane etter utspela til Sentralstyremedlem i Raudt, Joakim Møllersen, latt vente på seg.

For fullt alvor, til mange si vantru, meinar Møllersen frå Raudt at Noreg ikkje skal støtte Ukraina med våpen. At å støtte Ukraina med våpen til å forsvare seg mot Russland sin uprovoserte invasjon, er å forlenge krigen og føre til unødig liding.

Det er først no, etter sterke reaksjonar, at partiet kanskje er i ferd med å snu.

Men utspela vi fekk servert på Debatten er jo berre ein bekreftelse på den vedtatte politikken til Raudt, som konsekvent har vore mot våpenstøtte til Ukraina. Det burde faktisk ikkje kome som ein overrasking i det heile, at Raudt har dette standpunktet, for dei har hatt det heilt sidan krigen braut ut for snart eit år sidan.

Det blir litt merkelig å sjå partiet ro med fulle segl og hjelpemotor for å hente seg inn igjen.

Og partileiar Bjørnar Moxnes vil jo ikkje eingong seie kva han meiner om saka.

Grusomme realitetar

Eg kan godt forstå fredsynskjet til Raudt, og å unngå eskalering av konfliktar. Men vi er nøydde til å ta innover oss den grusomme realiteten i Ukrainakrigen:

* Nesten 8 millionar menneske er på flukt frå krigen.

*Tusenvis av drepte sivile.

*Målretta angrep mot ukrainske sivile mål av russiske styrker.

*Fleire massakrar, massedrap, bortføring, valdtekt og tortur av sivile.

*Deportering av sivile frå okkuperte områder.

*Målretta angrep mot kritisk sivil infrastruktur.

Valdekt, tortur og drap

Dette er kva Raudt og andre som er mot våpenhjelp, meiner Ukraina skal forhandle med.

Eit regime der sivile ukrainarar blir utsett for valdekt, tortur og drap i russiskokkuperte områder.

Og så er det fleire store spørsmål som ikkje blir besvart, verken av Raudt eller andre:

*Er ein villige til å kaste Ukrainas befolkning under bussen i jakta etter fred?

*Ser ein konsekvensane av å la Russland ta over store delar av Ukraina, og dermed kontrollen over kornproduksjonen? Er det å gi Russland og Putin enda eit maktmiddel lurt?

* Er ein villig til å la Russland ta over store delar av Ukraina sitt territorium i bytte mot fred?

*Er ein klar over deporteringa som skjer av ukrainske borgarar i okkuperte områder? Og trur ein at dette vil avta ved ei fredsavtale?

Ikkje noko lurt

Lite tyder på at Russland vil trekke seg fredfullt ut av Ukraina og erkjenne nederlag. Tvert om blir det stadig sendt signal at Russland skal knuse Ukraina til grus, og handlingane let ikkje vente på seg. Skulle Ukraina berre lagt seg på rygg og vifta det kvite flagget og håpe på at brutaliteten tek slutt? Naivt er ein kraftig underdrivelse.

For Russland vil ikkje trekkje seg ut av dei okkuperte og annekterte områda i Luhansk, Donetsk, Zaporizhzhia, og Kherson. Og heller ikkje Krym. Store landområde aust for elva Dnipro er blant dei mest produktive dyrkaareala for produksjon for kveite, bygg, mais og solsikkeolje, som Ukraina er ein global leverandør av. Å la Russland få kontroll over desse områda vil gi Putin enda eit maktmiddel å true og presse med. Nemlig matforsyninga. Muligheita til å påvirke tilgang og pris på korn. Dette er ikkje noko lurt for å seie det mildt.

Ukraina blir utradert

Den praktiske konsekvensen av å nekte våpenhjelp til Ukraina er ikkje ei raskare fred, men raskare nederlag for eit sjølvstendig Ukraina. Konsekvensen blir derimot at Ukraina som fritt land kan bli bortimot utradert, og mesteparten tilfaller Russland, om Russland får det som dei vil. «Kartet» som Dmitry Medvevev vist kva ambisjonar Russland har for Ukraina.

Folket i Ukraina kjempar ein modig kamp for sin fridom mot eit diktatorisk regime. Og dei bed om hjelp for å forsvare seg. Då treng Ukraina luftvern for å skyte ned russiske fly, dronar og missilar som angrip sivilbefolkninga. Dei treng artilleri til å halde russiske styrkar på avstand frå byane, og panservern til å slå ut russiske stridsvogner. Og soldatane treng ammunisjon til å forsvare sitt land og fridom.

Det er eg glad for at KrF støttar heilhjerta opp for heilt sidan krigen starta. Og regjeringa skal få ros, for at dei sender Ukraina utstyr til å forsvare sin fridom.

At den vedtatte politikken til Raudt kjem overraskande på partiet sjølve virkar ikkje vidare truverdig når dette var noko partiet vedtok sjølve. Partiet avslørar seg sjølve i den heilomvendinga dei no står i først når vinden snudde mot dei. Bjørnar Moxnes vil ikkje endre standpunkt (kva no enn det er?) først til Landsmøtet i april. Men betre seint enn aldri?

Les også

SV sitt NATO-standpunkt står seg godt