Gå til sidens hovedinnhold

Rakardugnad kom seint, men godt

Den kom seinare enn vanleg, men måndagens rakardugnad ved Åsskard-kyrkja vart vellykka.

Godt frammøte sørga for rask og effektiv rydding på kyrkjegardane.

Alt i middagstida var det folksamt på gammelkyrkjegarden ved Trøa. Andre «snørta opp» på det nyaste feltet ved Belaelva, og i kveldinga vart etterraksteren rundt kyrkjehuset besørga av Mali, Kristian, Rolf Gunnar og soknerådsleiaren sjøl, Eva Jorid Svendsen.

Men graset står alt høgt rundt gravene, og gullbosten markerer seg litt for tydeleg. Difor håpar ein at grasklipparen snart tek seg ein runde, slik at den gode dugnadsinnsatsen fullt ut kjem til sin rett.

Kommentarer til denne saken