Gå til sidens hovedinnhold

Populært tiltak: – Her var det kø alt før vi opna og deretter stinn brakke heile laurdagen!

Søstrene Tanja og Gjertrud Heggem gler seg over fullklaff med kunstmessa i Bøfjorden i helga. Vakker og variert biletkunst frå begge sine atelier skapte stor interesse og selde godt.

Og når nabosøstrene Nora og Gunnhild Vetleseter Bøe dertil baud på velsmakande bakst frå eige kjøken, vart arrangementet på bedehuset Betania ein skikkeleg publikumssuksess.

Stor publikumsappell

Tanja Heggem Grimsmo og Gjertrud Heggem står for kvar sin biletstil, begge med personleg særpreg utvikla på sjølvstendig grunnlag. Tanja framstiller gjerne personar med klare karaktertrekk. Ho hadde også ei eiga samling med julemotiv. Hos Gjertrud ser vi gjerne fascinerade bygningar og landskap forma med hennar spesielle framgangsmåte.

Valg av motiv, fargebruk og teknikkar har hos begge resultert i kunstverk utan billege effekter, men likevel med stor publikumsappell. - Salget her på messa har vore enormt, seier Gjertrud og får full støtte av søstera.

«Søstrene Vetleseter Brød»

Strykande gjekk også omsetninga av bakarvarer hos Nora og Gunnhild – for høvet etablert som «Søstrene Vetleseter Brød». Her dufta det av julekake, skulebrød, bollar, kjeks, aniskringle, graut og bakels og meir til. Noko til nytelse attåt kaffekoppen der og da, anna vart kjøpt med heim.

Betania i Bøfjorden er eitt av dei få bedehusa som enno er i aktiv bruk. At det velutstyrte huset er eit anvendeleg og triveleg kulturlokale i mange samanhengar, var kunstmessa «med noko attåt» denne helga eit godt bevis på.

Etter den vellykka laurdagen heldt messa fram også søndag.

Kommentarer til denne saken