Gå til sidens hovedinnhold

På tide med eit språkpolitisk taktskifte

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er mykje bra i regjeringa sitt framlegg til ny språklov. Det kanskje viktigaste er føremålet. Lova skal sikre norsk som samfunnsberande språk, sørge for reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk, og ho slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å verne om og fremje nynorsk som det minst brukte språket i Noreg. Denne formuleringa må føre til eit taktskifte i norsk språkpolitikk. Noregs Mållag ser på den nye språklova som eit politisk ynske frå nasjonale styresmakter om å ta tilbake makta over språkpolitikken.

Det norske demokratiet er meir enn nasjonalforsamlinga. I Kommune-Noreg breier bokmålsveldet om seg, til stillteiande aksept frå lokalt folkevalde. Kommunane er mellom dei viktigaste språkpolitiske aktørane i Noreg vi snakkar minst om.

Mellom 356 nyansar av kommunegrått møter nynorsken både bøller og bestevener. Det går nok eit tydeleg skilje mellom kjerneområda og randsonene, men jamvel nynorskkommunar bryt lova og driv nynorsken ut av skulekrinsar og klasserom. Kommunedirektørar gjer seg til kjeltringar for å saldere budsjett, og rektorar motarbeider nynorsken. Alle velsigna av passive kommunestyrerepresentantar som med si likesæle set sitt godkjendstempel. Dette er også Noreg.

Nynorskelevane er ikkje andrerangselevar, men mange av dei får beint fram ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Ofte manglar nynorske lærebøker, og digitale læremiddel som berre finst på bokmål, dominerer i klasseromma. Elevar går i språkblanda klasser, stikk i strid med lova, og lærarane er ofte ikkje språkmektige nok til å kunne drive forsvarleg nynorskopplæring.

Når skuleeigar ikkje tar ansvaret sitt, må også nasjonale styresmakter på bana. Det må førast tilsyn med at nynorskelevane får rettane sine etter opplæringslova, inkludert retten til læremiddel på nynorsk. Når den nye språklova er på plass, bør det første som skjer vere at regjeringa greier ut korleis det offentlege Noreg - inkludert norske kommunar - følgjer opp dei språklege interessene og rettane til innbyggjarane. Dei må legge eit slikt nytt og oppdatert faktagrunnlag på bordet i ei melding til Stortinget. Berre slik kan dei folkevalde stake ut kursen for ein ny og offensiv språkpolitikk i tråd med ambisjonane i lova dei snart skal vedta.

Kommentarer til denne saken