Gå til sidens hovedinnhold

På tide med ein politikk for framtida

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

17. mars 1971 blei den første Bratteliregjeringa utnemnd, ei mindretalsregjering Senterpartiet sikra fleirtal for i Stortinget. For andre gong i moderne historie gjekk Senterpartiet til venstre i politikken. Som i 1935 støtta Bondepartiet ei mindretalsregjering, og mindretalsregjeringa til Johan Nygaardsvold og Bratteli-regjeringa førde begge ein politikk som endra det norske samfunnet. Dette 50-årsjubileet kan markera at vi er i gang med valkampen i 2021.

Den 14. juni 1971 vedtok ein utvida industrikomité innstillinga til den første stortingsmeldinga, St. Meld. Nr. 76 (1970-71), om olje- og gasspolitikken i landet. Industrikomitéen la politikken under «Dei ti oljeboda», desse var laga av byråkratar som Faruk Al-Kasim, ofte omtala som den mest lønnsame innvandraren til Noreg. I juni 1972 etablerte regjeringa Statoil, Den norske stats oljeselskap, og Statoil gav norske bedrifter oppdrag til å byggja opp ein heilt ny norsk industri.

100 milliardar ekstra

I Kongeleg resolusjon av 30. mai 1963 la regjeringa Gerhardsen ressursane på og under havbotnen inn under Heimfallsretten, etter det eig vi alle olje- og gassressursane på norsk sokkel. Den 9. april 1965 i ein ny kongeleg resolusjon fekk den siste Gerhardsen-regjeringa på plass konsesjonsregimet for aktiviteten, og seinare på året fekk selskapa tildelt leitekonsesjonar. Alle fekk førsteprioriteten mot å godta eit to-delt heimfall, etter 9 år fall halvparten attende til det norske folk som gjorde at eit fleirtal på Stortinget har i praksis vedteke alle feltutbyggingane på sokkelen.

Investeringane på sokkelen er truleg dei mest lønnsame i norsk industri i moderne tid. I 1986 set den nyutnemde Arne Øien og oljebyråkraten Tore Bjordal krona på verket med utbygginga av Troll-feltet. Det var eit kombinert olje- og gassfelt der oljefeltet er av dei største funna på norsk sokkel. Stortinget vedtok «TOGI-løysinga» der eit statskontrollert Norsk Hydro skulle utvinna råoljen med to ei todelt løysingar, Troll B og C, ei løysing internasjonale oljeselskap ikkje ville gjennomføra. Frå den største menneskeskapte konstruksjonen som er flytta på, utvann Statoil gassen ved å injisera gass attende i reservoara. Råoljeutvinninga åleine må ha gjeve meir enn 100 milliardar kr i ekstrainntekter, vi har berre ei viss aning om kva som blei dei ekstra gassinntekter Trollfeltet gav landet.

Vellykka politikk

Inntektene frå olje- og gassalet brukte regjeringa til å byggja ut ein svært omfattande velferdsektor. Slik skapte regjeringa folk arbeid, ikkje minst fekk kvinner, innvandrarar og flyktningar og asylsøkjarar mellom anna frå Vietnam arbeid. Politikken skapte aktivitet i norsk økonomi ved å utnytta den viktigaste kapitalen landet har, humankapitalen eller arbeidskrafta, ein kapital som er fire gonger så stor som alle dei fire andre typane landet vårt disponerer. Økonomien veks i heile 1970-åra, ikkje minst veks offentleg sektor og skaper verdiar som blir jamnare fordelte.

I juni 1974 handsamar Stortinget den andre «Oljemeldinga», og Bratteli II-regjeringa får klarsignal til å vedta ein grunnrenteskatt på det å utvinna olje og gass, ein skatt som gjer petroleumsutvinninga meir effektiv. Og etter 2000 set Stortinget av inntektene til det som blir «Oljefondet» og som landet har tilgang til i dag. Ein liknande politikk trengst framover, vi markerer 50-årsjubileet med å henta fram att den mest vellykka økonomiske politikken noko anna regjering i dette landet har ført.

Kommentarer til denne saken