Gå til sidens hovedinnhold

På tide å rydde opp på sjøbotnen

«Å restaurere natur» er temaet for verda sin miljødag 5 juni 2021. Rundt 50% av verda sine økosystem er øydelagde siste 50 åra, og det hastar med å gjere tiltak for å stoppe og reversere utviklinga.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er fem hovudgrunnar til at naturmangfaldet er trua. Alle hovudgrunnane er menneskeskapte. Den desidert største trusselen mot naturmangfaldet er endringar i arealbruk. Men overbeskatning, klimaendring, forureining og innføring av framande arter trugar også naturmangfaldet. Eg ser desse endringane kvar dag her eg bur. Både i fjorden og på land. Eg saknar vipa, eller «Rognefuglen» som den vart kalla på Longva, og sjøfuglane som har hatt ein bestandsnedgang på over 70%. Det har skjedd i mi levetid, og eg ser stadig forandring i fjorden. Den er overgrodd av trådalger og småfisken står ikkje lenger tett under kaiene slik den gjorde. Samanhengane er kompliserte, men det nyttar, å ta grep og det vil lønne seg på sikt.

Vi må restaurere økosystema og hindre at nye går tapt. Det sist er den viktigaste grunnen til at eg har engasjert meg så sterkt mot vindkraftverket på Haramsfjellet. Ei utbygging som vil påverke leveområda for fuglartar som allereie er hardt pressa. No er vindkraftverket desverre i ferd med å bli bygt. Samtidig les eg om eksempel på at liknande anlegg er blitt fjerna i andre land av omsyn til nettopp fugl. Norge er langt ifrå å oppfylle mål om vern av biologisk mangfald. Difor vil eg vil eg arbeide for at alle kommuner skal ha tilgang på miljøkompetanse, at Norge får ein miljødomstol, eller ei miljøklagemnemnd, som kan prøve forvaltningsvedtak opp mot nasjonale og internasjonale miljømål.

Må rydde opp

Tilstanden for økosystema på sjøbotnen er nedslåande i mange fjordbotnar. Lista er lang over stader der det trengst tiltak. No har mange verft fått krav om å lage planer om opprydding. Det er bra, men eg er redd det kan bli krevjande for ein kriseramma industri å greie å gjennomføre dei nødvendige tiltaka åleine. «Forureinar betaler» er eit gjennomgåande prinsipp for miljølovgivinga, og industrien må utan tvil ta sin del av ansvaret, men det er i stor grad snakk om utslepp som var lovlege då dei skjedde. Det har foregått over generasjoner og frå mange typer industriverksemder, ikkje berre skipsverft.

Uavhenging av kjelde meiner eg at det er svært viktig å få rydda opp i miljøgiftene, slik at livet kan kome tilbake til fjordbotnen. Det må også stillast krav til oppdrett og utslepp frå andre kjelder i fjordane. Vi må ha ei meir kunnskapsbasert forvaltning der ikkje pengane får bestemme så mykje, for å rydde opp etterpå, er mykje dyrare enn å vere føre var.

Miljødagen 2021 sett naturmangfald på dagsordenen fordi det er viktig å stoppe øydelegginga av økosystema, og vi må restaurere der det går an. Målet måp vere at borna skal få fiske hummer i fjøresteinane igjen!

Les også

Vi må løyse natur- og klimakrisa

Les også

Verdens miljødag: – Vi har allerede funnet mer fossil energi enn klimaet tåler

Les også

På tide å gjenreise naturen

Kommentarer til denne saken