På rett veg: 4 felt Ålesund-Molde

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Nyleg slepte Samferdselsdepartementet nye tankar om vegbyggjing fleire stader i landet. Overskrifta var «Smal firefelts veg gir større fleksibilitet.» Etter tilråding frå Statens vegvesen innfører departementet ein ny vegstandard med smalare firefelts veg. Dette gir større fleksibilitet i utbyggjinga av norske vegar, og kan auke den samfunnsmessige lønsemda i fleire prosjekt, opplyser samferdselsminister Knut Arild Hareide. Det var interessant å merke seg at den første vegstrekninga som vart nemnd i den samanhang var E39 Ålesund-Molde. Dette gir nokre interessante signal om denne vegstrekninga.

Firefelts veg mellom Ålesund og Molde kan tenkjast der E39 og E136 overlappar kvarandre, då dette er det vegstykket med størst trafikk, og der lønsemda ved å auke til fire køyrefelt er størst. Dette er mellom Ålesund og Hjelvika i fall Romsdalsaksen skal byggjast, og mellom Ålesund og Ørskogfjellet i fall Møreaksen skal byggjast. Signala frå samferdselsministeren og trafikkgrunnlaget tyder ikkje på at det vil bli bygd firefelts veg i eit Møreaksen-alternativ heile vegen frå Ørskogfjellet til Molde no. Men firefelts kan bli aktuelt til Hjelvika dersom Romsdalsaksen blir bygd, der trafikken då deler seg.

Meir rasjonelt

Det er meir rasjonelt og gir større fleksibilitet i trafikkavviklinga å utvide ein veg med to nye køyrefelt til fire når alternativet er å byggje ein ny veg med fire køyrefelt og behalde den gamle med framleis berre to køyrefelt. Og tryggleiken blir betre med midtdelar, som kan byggjast frå Ålesund og heilt til Sølsnes, der flytebruer utgjer det siste vegstykket. Og det er vesentleg mindre kostnadskrevjande å byggje veg i dagen enn veg i tunnel, som og er eit argument for å samkøyre E39 og E136 så langt som mogeleg.

Frå Sølsnes til Lønset kan ny veg gå i to felt, inkl. bru over Fannefjorden, som erstattar den bratte og fuktige Fannefjordtunnelen, som må kompletterast med nytt løp eller bru grunna auka krav til tryggleik og kapasitet. Dette vil komplettere den planlagde Langfjordbrua, og optimalisere ein fergefri veg til Åndalsnes. Det gir Rauma og Vestnes kortast mogeleg veg til sjukehus, som då blir det planlagde sjukehuset på Hjelset. Ny veg Lønset-Hjelset er alt sikra. At Staten tar rekninga med bru over Fannefjorden vil spare fylket for store summar.

Må kartleggjast

Når det gjeld strekninga Lønset-Molde, så kan fylgjande seiast: Bortfall av fergetrafikken og fråver av gjennomgangstrafikk frå E39 vil truleg gjere firefelts veg unødvendig. Det er i alle høve forhasta å planleggje for firefelts veg no. Før det skjer, må trafikken kartleggjast etter at fergene er borte. Då må det vurderast om tofelts veg framleis gjer nytta, eller om t.d. eit reversibelt tilleggsfelt bør byggjast. All trafikk til og frå Molde går ikkje forbi Fannestranda og Retiro.

Med ei slik løysing er, i tillegg til buområdet Fannestranda og friluftsområdet Retiro, også friluftsområda mellom Julsundet og Molde, berga for ettertida. Både kommunane nord og aust om Molde, buområda aust om Molde og industriområdet i Årødalen vil med Romsdalsaksen få raskast mogelege veg sørover mot E6 og E39. Dermed unngår ein å bryte Statens vegvesen sine mange retningsliner for vegbyggjing og utfordre EU sin skepsis til undersjøiske biltunnelar, samstundes som ein ivaretar både menneskelege behov for trivsel og tryggleik i trafikken og transportbransjen sine behov for trygge arbeidsvegar.

På med brillene

Korleis ein skal sikre trygge forbikøyringar på tofeltsvegane tar eg ikkje stilling til. Men dette lar seg løyse på ein god måte av våre faginstansar. Og kapasiteten på Tresfjordbrua må og vurderast.

Gløym jukserapporten til Statens vegvesen! Her må talknusarane på vakt igjen! Og no med briller med klårare fokus og regnemaskiner med tydelegare teikn for pluss og minus enn dei som Statens vegvesen Midt brukte ved rapporten frå desember i fjor! Og føresetnaden er at kostnadane skal ned. Korleis kan dette oppnåast ved dei nedpinte kostnadane ved Møreaksen?

No er det på tide at Nye Veier AS får ta ein titt på Romsdalsaksen for å få kartlagt realistiske kostnadstal og trasé-løysingar utan snubletrådar!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken