Gå til sidens hovedinnhold

På feil side av eit historisk forbod?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

24. oktober i år signerte og ratifiserte Honduras FN sin traktat mot atomvåpen. Dermed er det no 50 nasjonar som har skrive under FN sitt atomvåpenforbod, og det var det som var påkrevd. Forbodet startar 90 dagar etter siste ratifikasjon. Det betyr at forbodet mot atomvåpen no trer i kraft 22. januar 2021.

Dette er historisk og gir grunnlag til ei gjensidig nedrusting av atomvåpenarsenalet i verda, på tvers av alle atomstatane, og redusere risikoen for tilsikta og utilsikta bruk av kjernefysiske våpen.

Eg vart skuffa då KrF sitt forslag om å støtte forbodet mot atomvåpen gjennom ICAN (International Campaign to Abolish Nuclear Weapons) Cities Appeal, rett og slett vart torpedert i fylkestinget den 13. oktober.

Forslaget låg an til å få fleirtal, og ville gjort at Møre og Romsdal ville vorte det første fylket til å støtte eit forbod mot atomvåpen, og dermed legge press på regjeringa til å oppretthalde Noreg sitt ry som fredsnasjon og signere og ratifisere FN sitt atomvåpenforbod. Og dermed fortsette tradisjonen Noreg har i arbeidet mot forbod mot våpen som i stor grad rammar sivile, som klasevåpen, landminer, kjemiske og biologiske våpen.

Lå an til fleirtal

Saka vart sett på sakskartet av fylkesordføraren, og debattert i fylkestinget, og låg an til å få fleirtal.

Men mindretalet i fylkestinget meinte at dette var ei sak som ikkje hørte heime i fylkestinget, men på Stortinget. Det er litt rart, for hundrevis av byar i andre land, og til og med 3 delstatar i USA gitt si støtte til forbodet. Dette er også ei sak som i høgste grad gjeld tryggleiken til innbyggjarane i Møre og Romsdal.

Andre argumenterte for at saka ikkje var tilstrekkeleg utgreidd.

Randi Walderhaug Frisvoll prøvde å imøtekome dette med å gjere forslaget til eit oversendingsforslag, slik at saka kunne bli tilstrekkeleg utgreidd.

Frank Sve frå Frp fremma likevel forslag om å ikkje realitetsbehandle saka, etter kommunelova §11-3 som gir mindretalet på 1/3 av fylkestinget muligheit til å avvise ei sak. Mindretalet ville fortsatt avvise saka. Terskelen for å avvise sakar satt på sakskartet burde vere høg, langt høgare enn at ein berre er ueinig i saka. Slik vart det ikkje.

Svært skuffande

Forslaget frå Frank Sve fekk støtte frå Frp, Høgre, Nordmørslista, Sunnmørslista Uavhengig valliste for Sunnmøre, ilag med 2 frå Senterpartiet. Det førte til at saka vart avvist av fylkestinget.

Dette er svært skuffande å sjå ei slik ansvarsfråskriving av røynde politikarar.

No som FN sitt forbod mot atomvåpen er ein realitet, står dette mindretalet på feil side av historia og internasjonal lov. Det er overraskande at desse partia ikkje ynskjer å sende eit tydeleg signal om å støtte forbodet mot atomvåpen, og enda meir skuffande at dei same partia ikkje ynskjer å sikre tryggleiken til innbyggjarane i fylket mot atomtrusselen.

Kommentarer til denne saken