Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Viser til artikkel i Tidens Krav som omtalar oppryddinga etter flaumen «Gyda» i Surnadal. Der kjem det fram at nokre tiltak ikkje vart gjort basert på eit varsel frå Statkraft som viste seg å vere for lågt i høve til kva flaumen vart.
Som regulant lever Statkraft tett på vassdraget og tek ansvar for samfunnstryggleik så langt det let seg gjere. Surnadal kommune er ein samarbeidspartnar i dette arbeidet, og når vi såg varsel om at eit ekstremvær var på gang, informerte vi kommunen. Dette gjer vi og til andre kommunar vi regulerer vassdrag i, om våre prognoser for vassføring går ut over det normale. Vi trur det har nytte for kommunane at vi varslar om kva som er på gang og kva scenarie vi ser for oss. Vi tek alltid atterhald om at dette er prognoser med stor usikkerheit. Vi må ta høgde for at det kan bli verre.
Det stemmer at prognosane våre bomma denne gongen for Surna. Våre prognoser viste stor vassføring i ( ca. 300 m3/s), men målt resultat vart nær det doble (ca. 600 m3/s). Dette er av dei største flaumane i vassdraget vi har registrert. Vi oppdaterte kommunen etter kvart som vi såg utviklinga og hadde tett kontakt gjennom heile flaumperioden.
Dessverre stemmer ikkje alltid prognosane. Kombinasjon av snøsmelting, temperatur, nedbør og vind over eit stort geografisk område med tilsigsfelt over mange kotehøgder, gjer prognosering krevjande. Det må både vi og kommunane leve med, men ein jobbar kontinuerleg med forbetring. Vi vil likevel fortsette å varsle kommunar om potensielle farar vi ser, då vi basert på tilbakemeldingar veit det har nytte. Offisiell flaumvarsel skjer i regi av NVE, og vi må presisere at vår informasjon alltid er eit supplement.
Vårt viktigaste tiltak var at magasina heldt att omtrent 300 m3/s under flaumtoppen, som utan regulering hadde kome i tillegg til rekordflaumen.

«Gyda» herjet i elva: – Svært bekymret

Flaum i Surnadal: – La elva vere elv
