Gå til sidens hovedinnhold

Om skriftleg bruk av nordmørsdialekten

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg skriv på nynorsk i dag fordi dialekten vår ligg mykje nærmare nynorsk enn bokmål, både i ordtilfang, i grammatikk og i måten vi formar setningane på, endå om mange mislikar å bli minte om det. Emnet innbyr også til det.

Styggaste «ordet» eg ser på trykk, er «smærgræt». Kvifor det, og kvifor står det i hermeteikn? Det er fordi det ikkje finst eit substantiv i norsk som skal skrivast slik. Nynorsk har ei notidsform av å gråta, «græt», men det blir også uttala som «græt». Dette er første grunnen, den andre kjem lenger nede.

Byter ut vokalar

Vi handterer vokalar og diftongar noko fritt her på Nordmøre, særleg går det ut over diftongane i nynorsk. Sunnmøringane har fått det for seg at vi berre har tre vokalar, men det er no ikkje riktig, det er berre det at vi ikkje brukar alle like mykje som andre gjer.

No er ikkje talet på vokalar nokon målestokk på eit vakkert og godt tenleg språk, fransk manglar både Æ, Ø og Å, men eg har aldri høyrt at nokon franskmann saknar dei, og fransk er vurdert som eit høgverdig språk.

Det som har skjedd, er at vi byter ut somme vokalar i språket med ein vokal som verken norsk bokmål eller nynorsk har. Derfor finst han heller ikkje i ei ordliste eller på tastaturet på ein pc, og derfor er eg forhindra frå å fortelja kva han heiter, men de kjenner han att når de høyrer han. Og ein nordmøring treng ikkje seia mange setningar før han er der. Dette er eit problem når ein vil skriva på nordmørsk, som mange gjer, og det er positivt, mellom anna fordi det viser at dialekten er ei godt brukbar språkform til dei fleste formål. Men det finst somme reglar for all skriftleg språkbruk.

Derfor brukar eg her teiknet # i staden for den bokstaven vi manglar.

(Engelsk har omtrent same lyden i mange ord, deriblant det mest misbrukte av alle, «love». Eg har aldri høyrt nokon har hatt innvendingar mot denne språklyden i engelsk, men i norsk er det mange som tykkjer han skjer i øyro deira.)

Nokre eksempel:

* au i aure = #re

* øy i røys = r#s

* ø i skjør = skj#r

Denne vokalforandringa går aldri over til Æ. Når du møter eit ord med Æ-lyd i seg, kjem det aldri av eit ord som blir skrive med AU, Ø eller ØY.

Lov om namn

Den andre grunnen er tydeleg i forskrifta om stadnamn, og han er viktigare. Når det gjeld stadnamn er det ofte mange ulike meiningar, og dei fleste kjem av at folk ikkje veit at vi har ein lov om familienamn og ein annan om stadnamn, og dei er nokså ulike. «Skrivemåten av stadnamn skal ikkje skyggja for meiningsinnhaldet i ordet» ! Den same regelen kunne kanskje vore til nytte også når det gjeld familienamn og ikkje minst når det gjeld vanlege bruksord.

Tilbake til skrekkeksemplet: «Smær» gjev inga meining. «Græt» gjev i denne samansetjinga inga meining, og «smærgræt» gjev inga meining, anna enn for nordmøringar, som les meining i ordet trass i den meiningslause skrivemåten fordi dei skjønar kva «skrivefeil» som ligg bak! Det ligg mykje språkopplæring i å ha ein dialekt som avvik så sterkt frå begge våre to offisielle målformer, når ein vil dra nytte av det.

Så lenge vi ikkje har eit skriftteikn for denne nordmørslyden, meiner eg at ein får skriva nynorskforma. Det er inkje lyte at eit ord i eit dialektinnlegg fell saman med nynorskforma, men å velja ei skriftform som skyggjer for meiningsinnhaldet i ordet er uheldig.

PS Eg har aldri studert norsk, og eg legg ikkje vinn på å skriva korrekt nynorsk der eg finn eit meir tenleg dialektord i staden, men eg har alltid interessert meg for språk og språkbruk, og derfor vågar eg å skriva så beintfram som eg gjer.

Kommentarer til denne saken