Som venta, har eg fått både positive og negative reaksjonar på påpeikinga mi av at Stangvik Historielag, i det innhaldsrike årsskriftet sitt i år – totalt har utelatt å seie noko om den mest dramatiske perioden i Bondehusets historie. 100-årshistoria til Bondehuset har jo vore feira heile året – men 1930-åra og krigstida har tydelegvis vore «uinteressant». Eg vil summere opp ein kommentar i 3 punkt:

a) Eg er sjølvsagt kjent med at gamle Stangvik kommune omfatta meir enn Stangvikbygda, - sjølv om det er i bygda både Bondehuset, kyrkja og gravplassen låg, som møteplass og samlingsplass både i liv og død for langt fleire enn berre dei frå bygda.

b) Professor Arnljot Løseth har i fylkeshistoria for Møre og Romsdal (1996) gitt ein god oversikt over den sentrale plassen kommunane på Indre Nordmøre hadde når det galdt oppslutning om NS på 1930-talet og under krigen. Det gjeld Tingvoll, Surnadal, Sunndal og Stangvik. Oppslutninga på landsbygda for NS vart aldri stor i Møre og Romsdal, totalt under 1 % ved stortingsvalet i 1936, som hadde 3 personar (av 10) frå Indre Nordmøre sentralt på lista. Størst var tilslutninga til NS i Stangvik kommune med knapt 6 %. Hos Løseth heiter det generelt: «Blant landkommunane i fylket var det Stangvik som hadde den største oppslutninga om NS.» Løseth drøftar og kvifor tilslutninga til NS på indre Nordmøre var større enn elles i fylket. Det dreier seg nok om meir enn berre at toppkandidaten på lista var frå Stangvik kommune.

c) Dersom det er slik som det blir hevda i ein aviskommentar til innlegget mitt (jf TK 14/12) at enkelte i Stangvik trur at det skal ha vore 50-60 prosent av veljarane i Stangvik som røysta på NS, vil eg meine at eit lokalt historielag burde ha ei viktig oppgåve i å gi eit meir heilskapeleg bilde frå Bondehusets rike og dramatiske 100-årshistorie. I den historia inngår m.a. også Quislings stormøte 18. april 1933, på turne før stiftinga av NS-partiet. På Indre Nordmøre hadde han gode støttespelarar, og sjølvsagt kom også mange nysgjerrige som ville høyre han som var kåra som «årets nasjonale mann».

Les også

Stangvik-historie med minnesvikt?

Les også

Mytar og fakta om «NS-bygda»