Politikarane i Kristiansund har drøfta folkehelsesituasjonen i kommunen (jf TK 19/2-21). Vi som er opptatt av folkehelsa i fylket, og har følgt utviklinga over mange år, veit at Kristiansund har store utfordringar på dette området. Innanfor svært mange av dei viktige indikatorane som t.d. er med i den årlege fylkesstatistikken, skil Kristiansund seg ut negativt, både i fylket og nasjonalt. Det viser også Folkehelseprofilen 2021. Ein konsekvens er tap av leveår.

Vi som spesielt har følgt utdanningsfeltet og rusproblematikken, veit t.d. at Kristiansund har store utfordringar på begge desse områda, både med sosiale ulikskapar, utdanningsnivå generelt i befolkninga, gjennomføring av vidaregåande opplæring, trygge ungdomsmiljø, arbeidsløyse og når det gjeld befolkningas bruk av både alkohol, tobakk og av illegale rusmiddel. Ikkje veit eg om det er slikt ordføraren, – med sin bakgrunn frå NAV-systemet – tenker på, når han hevdar at vel nok lever folk i Kristiansund «litt kortere, men det er jo fordi vi lever mye artigere.» Eg føler meg slett ikkje sikker på at t.d. ungdom eller vaksne som opplever utfordringane på desse områda, opplever at dei lever betre eller «mye artigere». Og sjølv om det gjerne er ei ordføraroppgåve å framsnakke sin eigen kommune, trur eg likevel heller ikkje at slike holdningar blant leiarar i ein kommune som her er vist, er det som kan hjelpe til for å auke forståinga for kva som må til for at kommunens folkehelseutfordringar kan bli reduserte.