Gå til sidens hovedinnhold

Olje- og gasspartiet MDG?

Artikkelen er over 1 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Hadde eg også hatt eit så greinalaust partiprogram som det MDG har, så hadde eg også hardnakka fornekta dette. Gruppeleiaren i MDG i fylkestinget hevda underteikna kjem med løgn og usannheter om MDG sin politikk, då eg i fylkestinget hevda at MDG var imot olje og gassnæringa, og at dei var imot forbruk av kjøtt, såkalla «kjøttskam».

Sjikane vart det omtalt, når eg ordrett las ifrå MDG sitt partiprogram.

At ein kan bli hissig av å lese dette partiprogrammet gjelder nok dei fleste, men litt spesielt vart det når MDG sin eigen gruppeleiar i fylkestinget også reagerte.

På side 10 i partiprogrammet til MDG står det faktisk:

MDG vil

• Stanse opning av nye olje- og gassfelt på norsk sokkel og starte ei gradvis og planmessig utfasing av petroleumsverksemd over ei 15-årsperiode

Med andre ord, MDG ynskjer ei avvikling av olje og gassnæringa i Norge, med dei enorme negative konsekvensane dette vil få for norsk økonomi og tapet av hundredetusenvis av arbeidsplassar.

Samtidig hevda MDG-representanten at dei ikkje var imot Oljefondet, naturleg nok når dei ynskjer å tømme fonda utan å fylle på igjen med nye inntekter.

Korleis har MDG tenkt å erstatte dei mellom 25.000-30.000 arbeidsplassane som er i olje og gassnæringen berre her i Møre og Romsdal?

Sikkert med å forby fossilt drivstoff, forby kjøtt, forby flytrafikk, bilskam eller noko anna klimahysteri, men det blir ikkje verken meir pengar eller fleire arbeidsplassar av dette!

Les også

Carl Johansens faktasjekk av Frp

Vedtok å dele ut 190 millioner for å sysselsette næringslivet

På side 11 i programmet til MDG står det:

MDG vil

• Starte utfasing av alle typer fossil energibruk i Noreg i løpet av stortingsperioda

Ja då, dette partiet er verkeleg glade i olje- og gassnæringa ?

I partiprogrammet til MDG står følgjande ang kjøtt :

• Stimulere til eit meir vegetarisk kosthald og redusere kjøtforbruket

Også her har tydeligvis ikkje MDG her i fylket lest sitt eige partiprogram, og fornektar at dette også er omtalt som «kjøttskam» i ulike medier og i debattar og at dette egentlig er eit direkte angrep frå MDG på vår eiga landbruksnæring.

Må bli utfordra

Vårt fylke Møre og Romsdal er landets største eksportfylke med nokre av landets sterkaste miljø innan mange viktige næringsområder. Dagens krisesituasjon ang koronasituasjonen har ført til tøffe tider for olje- og gassnæringa og no trenger vi sterk støtte til denne svært viktige næringa her i fylket.

Kvifor MDG finnast i nærings- og olje- og gassfylket Møre og Romsdal bør nokon snart forklare meg, spesielt når dei i fylkestinget denne veka stemte imot all støtte til olje og gassnæringa. Då lever ihvertfall eg svært godt med at MDG sin representant i fylkestinget såg både «grønt og rødt», når eg las frå MDG sitt partiprogram.

I dag er det krisesituasjon her i landet, flytrafikken står på bakken, ferjetrafikken kraftig redusert, biltrafikken og kollektivtrafikken like så, krise er det i olje- og gassnæringa, og store delar av arbeidsstokken her i landet er permittert. Nærmar vi oss no sansynlegvis virkeligheita av det som sikkert ville vere ein normal MDG-verden dersom dette partiet skulle kome i nærheita av regjeringsmakt?

Uansett må dette partiet no snart bli utfordra på korleis velferdsstaten vår skal kunne ivaretakast og utviklast i framtida, dersom det meste skal verte forbudt og «skam meg her og skam meg der » skal råde.

Eg lever godt med at MDG-representanten i fylkestinget er sur på meg, ihvertfall når grunnlaget er at dei ikkje toler å høyre sanninga om sin eigen politikk.

Kommentarer til denne saken