Observasjonar i Ulsetelva

Overivrig planering på oppsida av prosesshuset. (Foto: Øystein Folden 26.04.2020.)

Overivrig planering på oppsida av prosesshuset. (Foto: Øystein Folden 26.04.2020.)

Av
DEL

MeningerSom følgje av Tidens Krav sitt oppslag om lagring av filtermasse ved vasshandsamingsanlegget til Kristiansund kommune ved Storvatnet i Straumsnes, har Naturvernforbundet gjort seg ein tur i området for å sjå saka ved sjølvsyn.

Når det gjeld området der det er lagt filtermasse for kort tid sidan såg vi eit terreng med myrskog, relativt tørt. Det var eit godt stykke til Ulsetelva og det var t.d. ikkje noko grøftesystem som ville føre avrenning raskt til elva. Om denne massen over lengre tid kan påverke elva, vil vi ikkje ha noka klår meining om. Slike tiltak krev handsaming etter plan- og bygningslova. Vi antar at dette manglar, og har registrert at Kristiansund kommune ønskjer å rydde opp i dette.

I artikkelen i Tidens Krav går det fram at nokre har ytra ønskje om ein rasteplass. Vi har nyleg undersøkt korleis det er med kommunal handsaming av turstigar etter plan- og bygningslova, og kunne då konstatere at folkehelsetiltak/friluftslivstiltak går under radaren. Det bør kommunane få retta opp i. Plan- og bygningslova skal brukast, slik at ein også får vurderingar etter naturmangfaldlova. Sidan vi likevel var i området, fekk vil lyst til å sjå på ein del andre ting som har med elva å gjere.

Nyleg planert

Ved dammen i Storvatnet vil minstevassføring og flaumslepp vere eit aktuelt tema. Knytt til naturtypelokaliteten for Ulsetelva er det nemnt at sleppet av minstevassføring kan synast noko knapp. Vidare er det observert at lauv blir liggande i elva som følgje av manglande flaumar og utspylingsverknad. Dette blei omtala for nokre år sidan. Vi lurer på om desse råda er følgd opp med undersøkingar og eventuelle tiltak.

Vil ha Kristiansund-avfall gravd opp og fjernet – truer med mulkt

Kristiansund skal grave opp og fjerne 50 kubikk med dumpet avfallsmasse

Då vi kom til prosessbygningane la vi merke til at arealet rundt bygget var planert nyleg, delvis nær elva og delvis heilt til elvebreidda. Vegetasjon langs elvebreidda såg ut til å vere delvis fjerna. Sidan dette er nedanfor inntaket, bør tiltak langs elvekanten tilpassast elva sitt behov. For oss såg omfanget av planeringa og fjerning av vegetasjon ut for å vere unødig stort. Det planerte området vil kunne gje avrenning av finmasse til elva ei tid framover. Det bør og leggast til rette for at ein får opp ny kantvegetasjon.

Rett nedanfor brua er det eit område som er prega av gamle, djupe grøfter. Det tyder at den opphavelege vassdynamikken i myra her er skipla. Ein må rekne med at avrenninga no er raskare, noko som t.d. kan påverke minstevassføringa negativt.

Skrapmetall og kulturminne?

Nokre få hundre meter lengre ned fann vi restane av eit inntaksrøyr til ein kraftstasjon. Der ligg det igjen jarnringar og restar av det vi vil tru har vore kreosotimpregnert treverk. Noko låg ute i elva, noko i flaummarkområde og noko litt meir på land. Røyret enda opp i restane av ei bygning. Den gamle kraftstasjonen var vel nedrast, men det var eit nyare lecabygg som heller ikkje var på rette staden lengre.

Forbi den gamle kraftstasjonen gjekk det ein gamal traktorveg. Der traktorvegen går ut av myra litt lengre oppe er det ein del erosjon som venteleg fører til avrenning av finstoff til elva ved visse høve. Lenger ned når ein borti noko dyrkamark. I skogkanten der låg det eit stort svinghjul og ein gamal generator. Viss dei er å rekne som kulturminne, bør dei takast meir vare på. Viss dei ikkje er kulturminne, så er det mykje skrapmetall i slike delar.

Mindre fisk no

Då var vi komne så langt ned langs elva at vi såg i ei nyare sag, og då var det tid for retur. På vegen tilbake stoppa ein mann frå området. Han fekk opplyst kva vi gjorde på, og kunne melde at han i yngre dagar hadde fiska både laks og aure heile elva oppover til vassverket. Han meinte det var mykje mindre fisk no, men ein kan vel anta at han ikkje er så ofte i elva og fisker lengre, og at det også kan ha noko å seie.

Vi har så vidt antyda at det er dyrka mark som ligg nær elva og denne kan ha avrenning til elva. Slike areal skulle kanskje hatt nokre særreglar i den lokale husdyrgjødselforskrifta?

Elles har vi for nokre år sidan spela inn at salting av E39 forbi Møkjavatnet kan påverke vasskvaliteten i Ulsetelva, sidan bekken går langs vegen. Vi er usikre på kva som blei resultatet av det utspelet.

Då seier vi takk for turen. Her skulle vere nok å ta tak i for nokon kvar, med tanke på å betre tilhøva mellom anna for elvemuslingen i Ulsetelva.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags