Året i år er utpeika til dei friviljuge sitt år. Under denne paraplyen har Noregs Mållag peika ut 12. mai som ein dag vi utfordrar folk flest til å skrive minst eitt ord på nynorsk.

Eg vil difor gi døme på korleis eit par ord skil seg frå bokmål. Eg startar med ordet kjærleik, på bokmål kjærlighet. Begge orda startar med kjær-, men siste ordlekken er ulik. På nynorsk -leik og -lighet på bokmål. Ordet leik viser til aktivitet med glede og gode opplevingar. Lighet er eit dansk ord for likskap. Kva tankar kan det ordet gi som får oss til å tenkje på ei kjensle for kjærleik og glede?

Det neste ordet eg tar med her er sjølvmelding, på bokmål selvangivelse. På nynorsk sender vi ei ærleg melding om oss sjølve til skatteetaten. På bokmål sender vi ein angivelse. Eg trudde at angivelse var noko politiet skreiv ut etter kriminelle handlingar.

Om du likar det nynorske ordet sjølvmelding betre enn bokmålsordet er det fritt fram å registrere seg med sjølvmelding også om du til vanleg skriv bokmål.