Gå til sidens hovedinnhold

Nynorsk frå Mørebenken

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stortinget vedtok i vår ei språklov. Med denne nye språklova har det offentlege eit lovfesta ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Då er det rimeleg å krevje og forvente at representantane frå Møre og Romsdal står opp for rettferdige nynorskkrav, slik at jamstillinga mellom bokmål og nynorsk blir reell.

Stortingsrepresentantar frå nynorskfylket bør kjenne på eit særskilt ansvar for å forsvare og fremje nynorsk. Dei vedtaka regjeringa og Stortinget gjer, har direkte følgjer for t.d. skulekvardagen ute i kommunane. Den nye opplæringslova må sikre nynorskelevane like gode lese- og skriveopplæring som bokmålselevane. I den samanheng er det avgjerande viktig at elevane får digitale læremiddel og kontorstøtteprogram på nynorsk. Det skulle vere sjølvsagt, men realiteten er ein heilt annan.

For at det skal bli like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar, må partia og politikarane på Stortinget og i regjering aktivt tryggje rettane til nynorskbrukarane og styrkje nynorsken ved å innføre språkdelte ungdomsskular, halde på og styrkje sidemålsordninga og gjennom lærarutdanningane sikre gode nynorsklærarar – og ikkje minst no vedta ei opplæringslov me er tent med. Elevane må både få sjå språket sitt brukt i samfunnet, lære det grundig av kompetente lærarar og oppleve glede og meistring gjennom det.

Me veit at partia meiner ulike ting i språkpolitikken, og som veljar må du finne ut kva dei står for t.d. via nm.no og gjere ditt val. Men me forventar at Møre-benken stiller seg bak offensive og rettvise nynorsktiltak.

Kommentarer til denne saken