Gå til sidens hovedinnhold

Nynorsk først eller nynorsk sist?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

13. september skal det vera folkerøysting om kva som skal vera opplæringsmål i Aure, heimkommunen min, og det har kveikt ein flamme i meg. Nynorsk er opplæringsmål no, og grunnen til at det skal vera røysting, er at det er 238 personar som skrive under på eit opprop på nettet fordi dei vil ha røysting. Er det mange nok som ønskjer ei røysting, så blir det det. Desse personane ønskjer å «endre hovedmål i Aure kommune,» står det i oppropet. Dei ønskjer altså å byta ut nynorsk med bokmål blant anna fordi dei meiner at nynorsk passar best for «de skoleflinke som har lett for å ta til seg teoretisk læring». Vidare står det: «Hos gjennomsnittselever og spesielt de som sliter er nynorsk mer et hinder for å lære bokmål godt og grundig.» Det opprører meg viss det er slik kunnskapsløyse som skal få gjennomslag i røystinga, for dette er berre synsing og tull! Heldigvis er det er ei rådgjevande folkerøysting, som vil seia at det er kommunestyret som skal ta det endelege valet av opplæringsmål basert på kva fleirtalet røystar.

Det å læra seg å lesa og skriva er noko av det viktigaste vi lærer. Alle skal læra å lesa og skriva både nynorsk og bokmål. Spørsmålet er kva det er smartast å læra først: bokmål eller nynorsk? Det er eit viktig spørsmål å stilla seg når det skal vera røysting.

Blir like gode

Eg arbeider i lærarutdanninga med å undervisa lærarstudentar i norsk, med andre ord: framtidige norsklærarar. Dei utdannar seg til å bli lærarar i alt frå 1. til 10. klasse. Ingen av dei veit kva klassetrinn eller kva skule dei vil få jobb på som ferdigutdanna lærarar – om det blir på ein skule med nynorsk eller bokmål som opplæringsmål. Det seier seg dermed sjølv at det er svært viktig at dei kan begge målformer. Og med «kan» meiner eg blant anna at dei er i stand til å skriva korrekt og godt på begge målformer, at dei kan vurdera tekstar som elevane skriv, at dei kan driva med høgtlesing, og at dei kan motivera elevane til å lesa og skriva – på begge målformer.

Fordi lærarar må kunna begge målformer, har norskstudentane eksamen i begge målformer, og dei må skriva innleveringar på begge målformer. I og med at eg jobbar i ei lærarutdanning som er plassert i nynorskland, har studentane også naturleg nok undervisningspraksis på skular der nynorsk er opplæringsmål, og då må dei sjølvsagt bruka nynorsk som målform i undervisninga.

Det er éin ting som går att: Dei studentane som har vakse opp med bokmål som opplæringsmål, blir like gode og kjekke og flotte lærarar som dei som har hatt nynorsk som opplæringsmål. Men det er eit stort MEN: Dei strevar med å gjera noko av det som blir forventa av dei som lærarar: Dei slit med å skriva nynorsk, dei slit med å vurdera elevtekstar som er skrivne på nynorsk, dei slit med å lesa høgt på nynorsk, og dei slit med å vita kva dei skal gjera for å motivera elevar til å lesa og skriva nynorsk.

Meisterhjerne

Dei studentane som har lært å lesa og skriva nynorsk frå dei var 6 år gamle, derimot, har ikkje desse utfordringane. Dei meistrar bokmål og nynorsk like godt. Kor vidt studentane var «skuleflinke» elevar eller ikkje, har ikkje noko med dette å gjera. Grunnen til at nynorsk blir opplevd som vanskeleg, er enkel: Bokmålet er det vi ser, høyrer og les mest av, og det gjer at det er lettare å læra det. Nynorsken er ikkje like synleg, og dermed får ikkje ungane nok trening i å sjå, høyra, lesa og skriva det. For å læra eit språk godt må ein bada i det jamnleg. Kvar dag.

Studentane lærer alt dette. Dei lærer også at det som er så fantastisk med ungar, er at dei har ein meisterhjerne. Ingen lærer språk så lett og godt som ungar. Ungar har også den unike evna at dei ser på alt som ein leik. Det å læra seg språk, er også som ein leik for dei. Dei leikar med ord, dei leikar med lydar, dei leikar med språket. Og dei legg merke til kontrastar i språket – kva ein seier vs. kva ein skriv. Ungar har dessutan den fantastiske instinktive eigenskapen at dei elskar å læra, og at dei er nysgjerrige av natur. Det å ha nynorsk som opplæringsmål er noko ungane meistrar på strak arm nettopp fordi dei har dette utgangspunktet. Og ungar er dessutan fordomsfrie når det gjeld å læra språk. Det skal godt gjerast å finna ein 6-åring som har fordommar mot å læra nynorsk. Når studentane høyrer dette, seier fleire av dei, anten dei er frå aust, sør, vest eller nord i Noreg: Vi skulle jo ha lært nynorsk frå vi var 6 år!

Hjelper mot fordommar

Ja, det skulle dei! Og det gjeld ikkje berre dei som vel å utdanna seg til lærarar. Det er svært mange yrke i det offentlege som krev at ein kan meistra begge målformer. Seksåringen veit ikkje kva livet vil bringa, men éin ting er sikkert: Ved å velja nynorsk som opplæringsmål, gir vi seksåringen den beste moglegheita til å læra begge målformene like godt. Og minst like viktig: Det å ha lært nynorsk tidleg hjelper på mot fordommar mot nynorsk.

Når folk i Aure skal røysta over om det framleis skal vera nynorsk eller om ein skal gå over til bokmål som opplæringsmål, så håpar eg dei tenkjer på den språksmarte og leikne 6-åringen og på alle dei flotte framtidige norsklærarane som ønskjer at dei hadde lært nynorsk frå dei var 6 år gamle.

Les også

Nynorsk som opplæringsspråk i Aure

Les også

Om skriftleg bruk av nordmørsdialekten

Les også

Nynorsk frå Mørebenken

Les også

Meir nynorsk for barn og ungdom

Les også

Ja til valgfri sidemål i skolen

Kommentarer til denne saken