Av ANDERS S TODAL

To år gamle Heike med det fulle namn Heike av Vinterskogen, gjekk til topps i sin klasse på denne store utstillinga som hadde ikkje mindre enn 20 674 påmeldte. Med plasseringa manglar Heike berre eit fjerde sertifikat for å bli Internasjonal Champion.

– Heike vart eksteriørbedømt, og vurdert etter rasen rasestandarden, fortel eigar Gunn Tove Ormset frå Aure.

I Norge skal det finnast rundt 500 lundehundar, og det er kanskje like mange rundt om i resten av verda. Den er ein av sju norske hunderasar, og var ein gong nær ved å bli utrydda.

Alle hundeigarar påstår gjerne at deira hund er spesiell. Men lundehunden har verkeleg nokre svært uvanlege eigenskapar.

– For det første har den seks tær, og ekstra ledd i tærne, noko som gir den veldig gode klatreeigenskapar. Den greier å strekke frambeina rett ut til sida, slik at den kan kravle seg fram på ein måte få andre er i stand til. På grunn av ein spesiell nakkehvirvel greier den også å bøye hovudet bakover på ryggen. Denne evnen er det av andre dyr berre reinen som har. Lundehunden kan også bokstaveleg talt stenge igjen øyrene; ein stor fordel for å sleppe å få sand og jord inn i øyragangane når den jaktar. Alle eigenskapane har gjort hunden spesielt godt i stand til å klatre i fuglefjell, og til å ta seg fram inne i tronge reirgangar, på jakt etter lundefugl, fortel Gunn Tove Ormset.

Steng avl

Sjøl har ho vore på besøk på den siste plassen der lundehunden vart brukt til reirjakt; i grenda Mostad på Værøy i Lofoten. Neste år er det spesialutstilling der. Dit skal truleg både vinnaren, eigaren og dei to andre lundehundane ho har. For å bevare rasen og unngå blanding, er det streng avl på lundehund.

– Dommaren på utstillinga har sjøl dreve avl på rasen, og sit i avlsrådet for Norsk Lundehundklubb. Heike er av god slekt; på utstillinga i Stockholm greidde både ein halvbror og ei datter til halvsøstra å få tittel, i skarp konkurranse med artsfrender frå Norge, Sverige, Finland, Danmark, Tsjekkia og USA, fortel Gunn Tove Ormset.

Neste utstilling blir i Kuopio i Finland i august.