Vegtilsynet kritisk til drift og vedlikehald i Region midt

Stein på veg ut av steinsprangnett.

Stein på veg ut av steinsprangnett.

Artikkelen er over 1 år gammel

Tilsynssak viser at regionen ikkje er i tråd med krav på utvalde skredsikringsobjekt.

DEL

I ei pressemelding frå Vegtilsynet kjem det fram at der er manglande drift ved fire driftskontakter i Statens vegvesen, Region midt. Desse var:

  • 1500 Ålesund E39
  • 1503 Indre Romsdal E136
  • 1505 Indre Nordmøre Rv70
  • 1605 Gauldal Oppdal E6.

Samla sett viste tilsynssaka at regionen ikkje inspiserer og drifter dei utvalde skredsikringsobjekta i tråd med krav. Dette kan føre til at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett, og kan vere farlege for trafikantane.

Ifølgje Vegtilsynet si pressemelding blei det avdekka tre avvik og ein observasjon i tilsynssaka. Vegtilsynet fann at:

  • regionen ikkje oppfyller krav til at inspeksjonsplanane tydeleg skal definere type inspeksjon og frekvens.
  • objektlistene i inspeksjonsplanane ikkje vert oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og difor ikkje sikrar at alle objekt vert inspisert.
  • regionen ikkje utfører inspeksjon for alle skredsikrings- og skredvernstiltak i samsvar med krav.
  • regionen ikkje kan dokumentere at dei utvalde objekta har funksjon og utsjånad i tråd med krava til standard for drift og vedlikehald på riksvegane

Inspeksjonen føregjekk i perioden 2.-6. april, og Vegtilsynet skriv i pressemeldinga at dei er klar over at vedlikehald og inspeksjon av dei aktuelle objekta i tilsynssaka som regel skjer i tidsrommet april-juni. Vegtilsynet vurdera det derfor til at dei undersøkte driftskontaktane ikkje kan dokumentere at dei inspiserer og driftar sikringstiltaka langs vegen i tråd med krav

Artikkeltags