Gå til sidens hovedinnhold

Dette er den nye toppsjefen i Helse Møre og Romsdal

Artikkelen er over 6 år gammel

Dag Hårstad er frå og med den 8. desember konstituert som administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal. - Jeg kjenner ham som en dyktig og kommuniserende leder, sier Åge Austheim.

Det skriver helseforetaket i en pressemelding mandag ettermiddag:

- Hårstad var frå 2004 fram til 1. januar 2014 adm. dir. i Rusbehandling Midt-Norge. I 2013 leia han ein planlagt fusjon av rusføretaket med sjukehusføretaka i Midt-Norge. Hårstad har mellom anna bakgrunn som flygeleiar og arbeidde som avdelingssjef i Lufttrafikktjenesten i Avinor Midt-Norge før han starta som adm. dir. i Rusbehandling Midt-Norge, heter det i pressemeldingen.

- I dei 10 åra eg leia Rusbehandling Midt-Norge samarbeida eg tett med dei tre sjukehusføretaka i regionen, og spesielt i fusjonsåret 2013 var denne kontakta nær, seier Hårstad. – Når det oppsto ei slik krise i føretaket, og dei som spør meg meiner eg kan bidra med min kompetanse og efaring – då svarer eg ja, seier Hårstad. Han er oppteken av å sjå framover og fortsette arbeidet med å gi pasientane eit godt helsetilbod i fylket.

Hårstad er styremedlem i Avinor, der styreleder Ola H. Strand i Helse Midt-Norge er nestleder.

Åge Austheim sier han kjenner Hårstad som en dyktig leder.

- Dag Hårstad kjenner jeg som en dyktig og kommuniserende leder som både har evnen til å lytte og til å være tydelig. I årene 2006-2014 var jeg styremedlem i Rusbehandling Midt-Norge der Hårstad var direktør, og da ble viktige bygningsmessige og faglige utbedringer av tilbudene til ruspasienter ved Vestmo, Veksthuset og til sist rusbehandling ved Nordlandet DPS vedtatt og gjennomført. Tomtebeslutningen for nytt sykehus må nå utsettes til 2015 slik at Hårstad sammen med den lokale foretaksledelsen kan starte saksbehandlingen forfra og lokal innstilling og beslutning fattes. Bare slik kan tillitt gjenvinnes og en legitim beslutning som vil stå seg fattes, skriver Austheim i en SMS til Tidens Krav.

Nøgd styreleiar

- Vi er godt nøgd med at Hårstad har takka ja til stillinga, og meiner han har den naudsynte leiarerfaringa og dei personlege eigenskapane som skal til for å leie helseføretaket fram til ein ny direktør er tilsett, seier styreleiar Stein Kinserdal. Kinserdal viser og til at Dag Hårstad er godt kjend med rolla som administrerande direktør, og dei krav det stillast til å leie eit helseføretak.

- Sidan helseføretaket har eit direktørskifte så tett på avgjerda om plasseringa av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, er det ikkje knytt forventningar til at han skal vere oppdatert på alt innhald i saka. - Vi forventar ikkje at Hårstad skal kunne svare på spørsmål om innhald i saka etter så kort tid, seier styreleiaren og peiker på at konstituert direktør har mange oppgåver som skal løysast også etter styremøtet i Helse Møre og Romsdal den 17. desember. –Vi har tidlegare understreka at det er styra i dei to helseforetaka som behandler saka, og det er det viktig å gjenta, avsluttar Kinserdal.

Positivt motteke

- Slik som eg kjenner Dag Hårstad er han ein person om vil klare å opparbeide tillit i helseføretaket og i fylket, seier Helge Ristesund som er assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal. Ristesund meiner den konstituerte direktøren vil vere ein god person for Helse Møre og Romsdal i den situasjonen føretaket er inne i no.

Hårstad er bosatt i Trøndelag, og vil pendle til Møre og Romsdal.

Kommentarer til denne saken