Svorka får bygge Brandåa kraftverk

Artikkelen er over 11 år gammel

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev Svorka Energi AS løyve til å bygge Brandåa kraftverk i Rindal kommune. I tillegg er det gjeve løyve til å regulere Brandåvatnet og etablering av ei overføring frå Trøknavatnet til Trøkna. Kraftverket vil gje straum til om lag 770 husstandar.

DEL

Brandåvatnet vert regulert med 0,5 meter, medan for Trøknavatnet er det gjeve løyve til å oppretthalde ei sjølvregulering på 1 meter. Det er i dag ein utett dam ved utløpet av dette vatnet som gjer at vasspeglen varierar med inntil 3 meter. Dammen skal tettast, og avløpet frå vatnet skal leiast inn i Trøkna ovanfor inntaket til kraftverket. Det skriv NVE i ei pressemelding i dag.

Brandåa kraftverk vil få inntak i Litl-Brandåvatnet og Trøkna. Den utnytta fallhøgda vert på 360 meter. Stasjonen får utløp i Trøkna ca. 100 meter ovanfor elva sitt utløp i Surna. Årleg produksjon i kraftverket vert om lag 15,4 GWh.

Strenge krav

Kommunen og Naturvernforbundet har tidlegare pekt på at det må tas omsyn til naturen og spesielt storlommen som hekker i området.

Derfor er det sett krav om at vasstanden i Brandåvatnet ikkje skal senkast i tida 15. mai til 31. juli. Vidare er det krav om minstevassføring heile året både i Trøkna og Brandåa. Svorka Energi AS legg i tillegg opp til at det vert gjennomført biotopforbetrande tiltak i nedre del av Brandåa og Trøkna, slik at tilhøva for laksefisk ikkje vert dårlegare.

I Trøkna nedafor utløpet frå kraftverket vert det større vassføring enn i dag grunna overføringa av Brandåa. NVE har lagt vekt på at dette vil vere positivt for fiskebestanden.

NVE meiner at med dei fastsette vilkåra er fordelane ved utbygginga større enn ulempene, både for allmenne og private interesser.

Artikkeltags