Presten tok imot dei sjøfarande

FRAMME: Roarane frå Hamnes vel framme ved vorren utanfor Stangvik kyrkje.

FRAMME: Roarane frå Hamnes vel framme ved vorren utanfor Stangvik kyrkje. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det var ei høgtidsstund for alle frammøtte da kyrkjebåten frå Hamnes la til ved vorren ved Stangvik kyrkje.

DEL

Fungerande sokneprest i Stangvik, Torbjørn Brøske, tok imot dei sjøfarande som vart med i prosesjonen inn i kyrkja saman med Tormod songlag og dei mange gudstenestedeltakarane frå fleire kyrkjelydar.

Det var ein uvanleg god salmesong i kyrkjelyden med gudstenestedeltakarar frå mange bygder og byar. Det vart ei festgudsteneste frå første stund. Nytt i år var at fleire trussamfunn var inviterte til å delta, så gudstenesta fekk eit økumenisk preg.

Det vart bede på fleire språk, det var lysetenning i globen. Songkoret Tormod hadde to fine songinnslag og prestane Vidar Rygh og Torbjørn Brøske gjorde altartenesta.

Da gudstenesta var slutt, fekk roarane sin velfortente takk for at dei held tradisjonen oppe, og dagen var prega av historie. Pinsedagen var det 120 år og 2 dagar sidan Stangvikkyrkja vart innvigd, men den første kyrkja på denne historiske kyrkjestaden vart bygd for 610 år sidan.

Alle såg ut til å trivast i kyrkja, for dei fleste tok seg tid til ein prat og til å få med seg serveringa som soknerådet stod for.

Artikkeltags