Skogselskapets ærespris til Sollid Skog

PRIS: Roar Sollid (til høyre) med Skogselskapets Ærespris, overrekt av styreleiar Terje Kolstad.

PRIS: Roar Sollid (til høyre) med Skogselskapets Ærespris, overrekt av styreleiar Terje Kolstad. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Årets ærespris tildelt Sollid Skog As frå Surnadal under årsmøtet i Skogselskapet i Møre og Romsdal.

DEL

Roar Sollid tok i mot prisen på vegne av selskapet, skriv Skogselskapet i ei pressemelding tirsdag.

Bedrifta starta opp som enkeltmannsføretak i 1991 og blei til AS i 1992. Dei starta som entreprenør med ein velbrukt Kokkum hogstmaskin i 1991 og sia har dei investert jamleg i maskinar og har i dag to hogstmaskiner, to lassbærere , to gravemaskiner og ein lastebil til å frakte utstyret med, for å fremje effektivitet innan skogsdrifta.

Sollid Skog har utmerka seg gjennom mange år med eit godt og presist arbeid for skogbruket i heile fylket på ein berekraftig måte.

Det er difor ein glede å få lov til å tildele Skogselskapets ærespris til Sollid Skog AS, skrivast det i pressemeldinga.

- Skogselskapet i Møre og Romsdal gratulerer Sollid Skog As med utmerkelsen.

Artikkeltags