Blir observatør i trøndersk regionråd

OBSERVATØR: Rådmann Knut Haugen fekk politikarane med seg på at Surnadal skal bli observatør i regionrådet i Orkdalsregionen.

OBSERVATØR: Rådmann Knut Haugen fekk politikarane med seg på at Surnadal skal bli observatør i regionrådet i Orkdalsregionen.

Formannskap seier ja til å bli observatør i regionrådet for Orkdalsregionen.

DEL

Rådmannen fekk tirsdag med seg politikarane, og Surnadal blir observatør i regionrådet for Orkdalsregionen.

- No når Halsa kommune ser ut til å bli ein del av ein ny trønderkommune frå 2020, samtidig som også Rindal kommune på sikt truleg får skifte fylke, vil det vere ein ekstra grunn til at vi bør vere med i regionrådet for Orkdalsregionen. Sjølv om både Halsa (Hemne) og Rindal blir i eit anna fylke enn oss, så vil dei uansett fortsatt vere våre næraste naboar i eit felles bo- og arbeidsmarked – og forhåpentlegvis fortsatt nært samarbeid mellom kommunane. Rådmannen vil ut i frå ei totalvurdering tilrå at Surnadal kommune går inn ein status som formell observatør i Orkdalsregionen.

Den tilrådninga skapte ingen debatt i formannskapet.

Artikkeltags