Flyet som styrta og piloten som stakk

STYRTA: Delane av flyet vart satt saman i ein rekonstruksjon på kulturhusscena i fjor. Onsdag skal historia om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942, forteljast på Onsdagstreffet på kultrhuset.

STYRTA: Delane av flyet vart satt saman i ein rekonstruksjon på kulturhusscena i fjor. Onsdag skal historia om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942, forteljast på Onsdagstreffet på kultrhuset. Foto:

Av
DEL

Lilli Husby vil fortelje historia om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942, og skjebna til piloten som overlevde, på kulturhuset sitt «Onsdagstreff» 8. mai kl. 1300.

Historia til flyet og piloten vart rulla opp i fjor, etter at BBC hadde sendt eit team over til Surnadal for å rekonstruere flyet og dokumentere hendingane i mars 1942. Jakta på delane har både vorte ein del av eit fjernsynsprogram, og historia om piloten blir fortalt i ei bok som kjem ut i år.

Hendingane har også kome fram i lyset som ein del av jubilea til Royal Air Force (100 år) og «The Great Escape» (75 år). For piloten av flyet, Alastair «Sandy» Gunn, vart overført til fangeleiren der kanskje verdskrigen mest kjente flukt vart gjennomført, og Gunn var mellom dei som flykta.

Lilli Husby var lokal kontaktperson og tilretteleggar da fjernsynsteamet frå BBC var i Surnadal, og vil, forutan sjølve krigshistoria, også legge fram kva britane fann og fann ut under nokre heite sommarsdagar i fjor.

Og, som alltid, er kaffe og kaker inkludert i billetten for dei som skal på «Onsdagstreff».

Artikkeltags